Lokal | 03. sep. 2013

Blir eit gap

Vaksne arbeidstakarar i eldreomsorga slit med å ta fagutdanning, kravet om 5000 timar praksis blir for tøft.

Blir eit gap
Olav Søfteland, Kristin Haukeland, Hege Bjørnør, Aud Winsents fekk ein god prat om eldreomsorg med Magne Rommetveit tysdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 03. sep. 2013 11:45

Stortingsrepresentant Magne Rommetveit (Ap) vitja tysdag Luranetunet for å sjå og høyra om erfaringar innan eldreomsorgen i Os kommune. Eigentleg skulle han ha vore ein del av ein større Ap-delegasjon med Jette Christensen og Ruth Grung, men då desse blei hindra av andre oppdrag i ein travel valkampinnspurt stilte den tidlegare ordføraren på Stord opp på eigehand.

Saman med partikollegaene Kristin Haukeland og Olav Søfteland i lokallaget, fekk han ei god samtale om utfordringane kring rekruttering til pleie- og omsorgsyrka med einingsleiar Aud Winsents og leiar i fagforbundet Hege Bjørnør.

– Korleis opplever de tilgangen på, og rekrutteringa av fagfolk, undra Rommetveit.

– Den er veldig bra. Sist vi lyste ut eit vikariat i heimesjukepleien hadde vi 14 vel kvalifiserte søkarar.

– Vi har klart å bygga opp eit godt rykte og omdøme av det å arbeida som sjukepleiar i Os kommune. Folk er stolte av arbeidsplassen sin, det trur vi er kjempeviktig i høve til rekrutteringa, fortalde Haukeland, som i tillegg til å vera politikar, jobbar i heimetenesta.

Saman med Winsents fortalde ho om korleis pleie- og omsorgstenesta tek imot studentar frå høgskulane på Stord/Haugesund og Bergen, og korleis dei nyttar seg av TAF-elevar frå Fusa vgs.

Vanskeleg etterutdanning

Som tidlegare ordførar på Stord, kjenner Rommetveit godt til den så kalla §20-utdanninga som kom i byrjinga på 2000-talet, kor ufaglærte kunne ta fagbrev om dei hadde 5000 timar dokumentert praksis. Rommetveit undra korleis ståa var i høve vaksne arbeidstakarar som vil gå den vegen i dag.

– Vi hadde mange som tok fagbrevet i 2001 og åra etter på. Dei hadde eit langt arbeidsliv bak seg og ingen problem med å dokumentera praksisen.

– No ser vi at det har blitt mykje vanskelegare. 5 års praksis i ei 100% stilling er det ingen av dei som får. Samstundes ser dei at det blir eit for langt løp å skulle gjennomføra.

– Vi har meldt tilbake til fylket at kravet er for tungvint og krev for mange år, men har ikkje nådd fram, fortalde Aud Winsents.

– Er det sentrale reglar som styrer dette, undra stortingsrepresentanten.

– Ja det er det. Vi har mange erfarne vaksne folk som har mykje livserfaring med seg, men som ikkje slepp til grunna desse krava, forklarte Haukeland.

– Det har blitt eit gap mellom slik det var tidlegare med ei enklare hjelpepleiarutdanning og den omsorgsarbeiderutdanninga som er i dag, supplerte Winsents.

Ba om notat

– Dette er jo noko eg må gripa fatt i.

– Dette gjeld jo dyktige og flinke vaksne, som vi òg må ta vare på. Kan du skriva eit notat til meg om dette, ba Rommetveit fagforeningsleiar Bjørnør om.

– Sjølvsagt. Ei løysing kunne ha vore å ha ei kortare veiledning med praksis, slik det var då eg sjølv tok hjelpepleiarutdanninga, svarte Hege Bjørnør.

– De har vore offensive

Rommetveit fekk òg høyra om arbeidet med kols-, demens- og kreft-team, øyeblikkeleg hjelp-senger og andre konsekvensar av samhandlingsreforma kor meir av behandlinga og omsorga blir gjort av kommunane anten på institusjon eller i heimesjukepleien.

Ein tydeleg imponert stortingsrepresentant slo fast at det råda ei offensiv haldning i kommunen.

– Eindel andre kommunar eg har vitja har vist ei mykje meir defensiv halding til dette. De har vore offensive og sett på det som ei beriking av tenestene dykkar.

– Det at de har rigga dykk på førehand og vore rusta til å ta imot imponerar.

– Eg reknar med at også dei tilsette også tykkjer det har vore utfordrande og spennande å få nye faglege utfordringar.

– Ja heilt klart. Det har vore med på å løfta heile sjukepleiargruppa, og har nok òg vore positivt i høve til rekruttering av nye sjukepleiarar, svarte Aud Winsents.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.