Gå Aurlandsdalen i sommar?

VILL NATUR: Aurlandsdalen har ved flere høve kalla Noregs svar på Grand Canyon. Foto: Visit Norway/Thomas Rasmus Skaug

Eit opphald på Lindstrøm Hotell er den perfekte oppladinga til ein fottur i makelaus natur.

Den historiske vandreruta gjennom Aurlandsdalen trekkjer vandrelystne frå heile verda - og det med god grunn.

Fotturen går gjennom vakre og ville dalføre, omkransa av frodig natur og mektige fjell. Dette er ein tur som byr på rike naturopplevingar du seint vil gløyme.

Ein dagsmarsj i verdsklasse

Den historiske vandreruta gjennom Aurlandsdalen går frå Østerbø på 820 m.o.h. til Vassbygdi. Med sine nær 18 kilometer, er turen som ein dagsmarsj å rekne.

Stien er tydeleg merka. Det noko krevjande terrenget føreset likevel at ein er litt turvand og i grei fysisk form.

Ønskjer du heller å gå i motbakke? Det er sjølvsagt også mogleg å gå turen motsett veg, med start frå Vassbygdi.

Ta omsyn til vêr og føre

Den ville naturen som omkransar stien må også takast omsyn til. Under snøsmeltinga kan det kome steinsprang og større vassmengder. Gjer deg difor kjent med kva som er meldt av vêr, før du tek fatt på turen. 

Hald deg også gjerne oppdatert på Facebook-sida til Venner av Aurlandsdalen.

Slik reiser du med buss

Har du éin bil til disposisjon kan det vere praktisk å parkere den i Vassbygdi, som er sluttpunktet for turen, og ta «Vandrebussen» opp til startpunktet ved Østerbø.

Rutetider, prisar og anna praktisk informasjon om bussruter tilpassa turen finn du her. Sjå eventuelt også busstilbodet på kollektivselskapet Skyss sine nettsider.

 

Foto: Visit Norway/ Thomas Rasmus Skaug

Gasta Design