Dagleg leiar ved Fosnavåg Ocean Academy, Håvard Stave, leiar i skuleutvalet ved Herøy Vidaregåande Skule, Svein Gjelseth, og rektor ved Herøy Vidaregåande Skule, Gullik Kjellstadli gler seg over avtalen og at dei no kan gi neste generasjons arbeidstakarar opplæring på det beste utstyret som er tilgjengeleg. Foto: FOSAC.

Får simulator for maritime operasjonar i skulekvardagen

Herøy Vidaregåande Skule (Herøy VGS) og Fosnavåg Ocean Academy (FOSAC) har skrive under ein intensjonsavtale om samarbeid. - Alt over nyttår kan dei fyrste elevane dra nytte av simulatorsenteret sitt utstyr og kompetanse i sine øvingar, skriv FOSAC.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

- Målet er at vi skal lære elevane meir og gje dei det aller beste utgangspunktet for å vere forberedt for arbeidslivet, seier rektor ved Herøy VGS, Gullik Kjellstadli, og dagleg leiar for FOSAC, Håvard Stave i ei pressemelding.

- Når elevane får prøva seg her på simulatorsenteret, får dei øva seg på oppgåver som er for vanskelege, der det står for mykje på spel og som kan vere for farlege for dei å gjere i det verkelege liv. Dei får betre kjennskap til kva som skjer ute på havet og dei får arbeide med utstyr som vidaregåande skule ikkje har moglegheit til å halde sjølve, legg han til.

Ideen om at elevar ved den vidaregåande skulen kan bruke simulatorsenteret som øvingslaboratorium har vore der heilt sidan starten av FoSAC, men fyrst no har dei ledig kapasitet og planane vert gjort om til verkelegheit.

For Herøy Vidaregåande Skule betyr dette at ein kan stille i ein heilt annan divisjon når det gjeld utstyr og gi elevane eit enormt fortrinn når det gjeld øving.

Marius Rooney, Martin Moltu, Andrzej Wajchert og Pirasan Kathiravelu er elevar ved Maritime fag på Herøy vidaregåande skule og framtidas maskinistar. Dei gler seg til å få delar av skulekvardagen på simulatorsenteret alt over nyttår. – Det kjem til å bli lærerikt. Foto: FOSAC.

Fleire bruksområder

I fyrste omgang vil dette gjelde elevane ved utdanningsprogramma teknisk Industriell produksjon og naturbruk, men med tida ser ein føre seg at alle elevane ved Herøy VGS kan bruke simulatorsenteret.

- Det er berre fantasien som stoppar oss, sjå berre på alt som skjer i helse og omsorg innan velferdsteknologi, seier leiar i skuleutvalet for Herøy VGS, Svein Gjelseth, som har vore ein av pådrivarane for det nye samarbeidet i pressemeldinga.

Vil trena brønnbåtmannskap

Med ynskje frå sine nye eigarar Sølvtrans, skal simulatoranlegget i Fosnavåg også tilby ein brønnbåtsimulator for trening av mannskap til havbruksnæringa. Om eit par månader får Sølvtrans-reiarlaget overlevert ein ny brønnbåt frå Myklebust Verft, og til våren vert det nye skipet virtuell «treningsbåt» på FOSAC.

Det gjer at også elevane får tilgang til å lære om dei komplekse operasjonane på ein sikker og trygg måte, og vert endå betre forberedt lærling-marknaden slik den er i dag. Medan storparten av elevane frå Herøy VGS som skulle på sjø tidlegare fekk lærlingtenesta på  offshorefartøy, er det no nesten halvparten som er innom brønnbåtar.

– Havbruksnæringa er eit svært spanande område for oss, og då brønnbåtane berre blir større og står ovanfor fleire krevande operasjoner ønsker me å bidra til å betre sikkerheit, effektivitet og teknologi, har Stave tidligere uttalt til kyst.no.

Utvikling av programvare for brønnbåtoperasjonar er no under kartlegging, ifølgje den daglege leiaren.

– Me ynskjer  å drive teknologiutvikling der det betyr mest, og havbruksnæringa er viktig. Kanskje vil også optimalisering av operasjonar og auka effektivitet, gjenspegle dette for befolkninga og kompetansen auke i næringa, sa han.

Les også: Utvikler simuleringer av brønnbåtoperasjoner

  • Selskapet Fosnavåg Ocean Academy (FOSAC) vart oppretta i 2011 av dei fem store offshorereiarlaga i Herøy.
  • FOSAC vart opna i 2014 og tilbyr tenester innan øving, trening og opplæring, utvikling og samhandling for maritime næringar og industrien slik at prosedyrar, produkt og designløysingar kan forbetrast.
  • I 2016 gjekk brønnbåtselskapet Sølvtrans inn som medeigar, og program skal no utviklast for også å demonstrere og øve på brønnbåtoperasjonar.
  • FOSAC er eigd av Olympic Shipping, Havila Shipping, Remøy shipping og Sølvtrans.