Ingalill Olsen

Temperatur i Tromsø

Tromsø; Ordførar Ingalill Olsen frå Måsøy kommune i Finnmark skapte god gammaldags temperatur blant oppdrettarane då ho heldt innleiing på årsmøtet til Nord Norsk havbrukslag i Tromsø i går.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Olsen hadde fått i oppdrag å snakke om kva kystsamfunna får igjen for å legge til rette for oppdrett, og ho brukte mykje av tida på talarstolen til fortelje om situasjonen i eigen kommune der det i 1997 vart brukt mykje ressursar på å sikre Måsøy tre oppdrettskonsesjonar, som etter kort tid vart flytta til Alta. Arbeidet var forgjeves Ingalill Olsen viste mellom anna til at fiskarane hadde vore sterkt imot oppdrett, men at kommunen til slutt fekk sett av eit areal som vart lagt til rette for oppdrettsaktivitet. -Konsesjonane vart tildelt Måsøy fordi vi jobba hardt for å få dei, og eg vart ikkje oppfatta som fiskarane "sin mann" den gongen. Nokre år etter viste det seg at alt arbeidet var forgjeves, og erfaringane tilseier at eg aldri hadde gjort det igjen, sa Olsen og la til at mange politikarar tenkjer som henne. Må ha ein fot i lokalsamfunnet Ordføraren frå Måsøy brukt også eksempel frå Nord Troms der Lerøy Aurora nyleg offentleggjorde at dei kjem til å flytte slakteriverksemda frå Kåfjord til Skjervøy kommune. Ho framheva at ho berre kjenner problematikken frå ei sak i media der Ordførar Bjørn Inge Mo i Kåfjord skal ha uttala seg negativt om flyttinga. Men ho stilte likevel spørsmål ved om kvifor Lyngenfjorden skal vere full av merder når arbeidsplassane vert flytta til ein anna kommune. -Oppdrettarane vil ha areal utan å ta samfunnsansvar, og årsaka er klar, dei lokale eigarane er vekke. Eg er glad for at oppdrettarane tenar pengar, men dei bør ha ein fot i lokalsamfunnet, sa Olsen. Olsen påpeika at hovudmålet med å ta opp temaet var å få fram at bedriftene må informere og ha dialog med kommunane. -Eg vil ikkje henge ut Lerøy Aurora eller selskapet som flytta frå Måsøy. Det ligg heilt sikkert bedriftsøkonomiske vurderingar bak, men vi har også ei meining og dersom vi skal bruke ressursar og sette av areal til oppdrett, må noko også komme kommunane til gode, sa Olsen. Stor motbør Innleiinga til ordføraren frå Måsøy skapte temperatur blant deltakarane på årsmøtet og reaksjonane gjekk mellom anna på at ein ikkje kan tenkje kommunegrenser når ein driv med oppdrett. Ordførar Roy Waage i Skjervøy viste til at ein må sjå på næringa og arbeidsplassane i eit regionalt perspektiv og at det no er ein god dialog mellom ordførarane i Nord Troms. Kommentaren frå Waage gjorde Stig Nilsen i Lerøy Aurora rolegare, men han syns det var viktig å få fram at ei flytting av slakteriet i Nord Troms ikkje inneber at dei tilsette misser arbeidet sitt sjølv om ein del får lenger arbeidsreise. -Vi flytta slakteriet frå ein kommune til ein annan fordi det går ei kommunegrense der og vi må samarbeide med politikarane og gjere eit løft ilag for at næringa i regionen skal ha ei framtid, sa Nilsen til slutt.