Tysdag morgon var det kome meir svart på bildet, og Erling Braut Haaland-sitatet «Snakk med fødne så går helste alt aent godt» kom tydeleg til syne på den store veggen som vender mot jernbanen.

Onsdag morgon kan forbipasserande igjen sjå stor utvikling av bildet. Mykje meir svart er kome på plass på veggen, som lenge var prega av gulfargen som kom på plass tidleg i april. Bildet begynner å ta form.

Gabriel Høyland er opphavet til sitatet som gikk verden rundt, og som nå er en del av Pøbels veggmaleri

I eit intervju med Pøbel, som Jærbladet publiserte nyttårsaftan 2020, fortalde den anonyme jærbuen om korleis interessa for gatekunst starta medan han tok Jærbanen innover mot Stavanger og såg på graffitien langs linja.

Og med det klassiske bildet av revolusjonshelten Che Guevara, som bandet Rage Against The Machine brukte på plakatar og T-skjorter.

– Bildet var heilt enkelt, i svart kvitt, og eg begynte å fundera på kvifor eg likevel såg at dette var Che Guevara. «Det er lys og skygge», sa ein av kompisane mine. Då datt det på plass for meg. Så enkelt er det!, fortalde Pøbel.

Dei siste par dagane er det skuggen på Erling Braut Haaland-bildet han har jobba med.

Sitatet om å snakka med føtene er eit godt råd Erling Braut Haaland fekk av ein bonde. Seinare har han stadfesta at bonden som kom frå Gabriel Høyland, som i tillegg til å vera Mr. Bryne også er Erling sin grandonkel.