Folkevalde heidra for innsatsen i lokaldemokratiet

Ei rekke herøyværingar blei torsdag heidra for innsatsen dei har gjort som representantar i kommunestyret.

Folkevalde som blei heidra i desember 2023 - Klikk for stort bileteDei blei heidra for ein periode i kommunestyret: Bjørn Prytz, Ann-Kathrin Storøy, Marvin Kopperstad, Lovise Nikoline Voldsund, Alexander Tarberg, Torbjørn Hide. (Voldsund har vore møtande vara med meir enn 50 prosent oppmøte.) I tillegg blei Rolf Arne Nilsen, Sveinung Erntzen, Gunn Lise Voldsund, Eilert-Geir Kvalsvik, Ingvill-Beate Sævik og Lars Ivar Moldskred heidra for ein periode, men dei hadde ikkje høve til å vere til stades. Marit Sævik Leinebø

 

Svein Gjelseth blei heidra for den lengste innsatsen: heile 40 år i kommunestyret. Han takka med eit historisk attersyn frå si tid i Herøy-politikken. 

Fleire elevar frå Herøy kulturskule bidrog med innslag då dei folkevalde blei heidra:

  • Emma Sandanger: Vintertid
  • Lauritz Helde Remøy: Nordnorsk julesalme
  • Elina Tarberg: Oh Holy Night
  • Henthrik Devakumar: Piano
  • Sara Lystad: Home for Christmas,
  • Sara Lystad, Maria Lystad, Aimee Wraight Hagen: Snowman
elevar frå kulturskulen - Klikk for stort bileteElevar frå Herøy kulturskule stod for kulturinnslaga. Marit Sævik Leinebø

 

Folkevalde som blei heidra i desember 2023 - Klikk for stort bilete Marit Sævik Leinebø

Leiv Aarflot blei heidra med serveringssett i stål for to periodar i kommunestyret. Frå høgre på bildet: Leiv Aarflot, ordførar Ann-Kathrin Storøy, tidlegare ordførar Bjørn Prytz. 

Slik heider gjekk også til Jens Terje Johnsen og Solveig Båtsvik, men dei hadde ikkje høve til å vere til stades.

 

Folkevalde som blei heidra i desember 2023 - Klikk for stort bilete Marit Sævik Leinebø

Marthe Vågsholm Sævik mottok krystall for tre periodar i kommunestyret. Frå høgre på bildet: Marthe Vågsholm Sævik, ordførar Ann-Kathrin Storøy, tidlegare ordførar Bjørn Prytz.

Slik heider gjekk også til Richard Gjerde, som ikkje kunne møte. Kjell Alfred Runde vart heidra med krystall for fire periodar. Han kunne ikkje møte.

 

Folkevalde som blei heidra i desember 2023 - Klikk for stort bilete Marit Sævik Leinebø

Bjørn Otterlei blei heidra for fem periodar med mansjettknappar i sølv. Frå venstre på bildet: ordførar Ann-Kathrin Storøy, Bjørn Otterlei, tidlegare ordførar Bjørn Prytz.

Camilla Storøy blei også heidra med smykke for fem periodar, men ho var ikkje til stades.

 

Folkevalde som blei heidra i desember 2023 - Klikk for stort bilete Marit Sævik Leinebø

Svein Gjelseth blei heidra med klokke for ti periodar – heile 40 år – i kommunestyret. Frå venstre på bildet: ordførar Ann-Kathrin Storøy, Svein Gjelseth, tidlegare ordførar Bjørn Prytz.

 

Tidlegare ordførar Bjørn Prytz og kommunedirektør Trond Arne Aglen - Klikk for stort bilete Marit Sævik Leinebø

Tidlegare ordførar Bjørn Halvor Prytz fekk takk og overrekt gåvekort frå kommunedirektør Trond Arne Rossi Aglen.