Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
bilde av to menn som står ved sidan av eit stort bilde av to personar som omfavnar kvarandre

Gatekunstnaren Pøbel

Pøbel er ein norsk, anonym gatekunstnar, særleg kjend for å lage kunstverk på aude stadar. Arbeida hans består mellom anna av maleri, bilete og skulpturar.

​«Kunsten å seie takk»​​ - eit mykje omtalt julekort 

Biletet vart først illustrasjon på julekortet som alle tilsette fekk i 2020. Julekortet fekk stor merksemd då det synte seg at ein QR-kode på tekstsida på kortet førte oss til ein video der kunstnaren kom med tydeleg kritikk av arbeidstilhøva til sjukehustilsette. Innhaldet i videoen kom overraskande på oppdragsgjevaren, men som administrerande direktør Inger Cathrine Bryne sa til NRK Rogaland; - Dette er kunstnaren sitt innspel i ein samfunnsdebatt. Det viktigaste for oss er at kunstverket er vakkert og uttrykkjer det vi ville formidle.

Motivet gjorde inntrykk på svært mange. Helse Vest oppmoda difor kunstnaren om å overføre verket til storformat slik at kvart helseføretak kunne få eitt kvar. Helse Førde sitt biletet er i 2 x 2,8 meter og skal på turnè til sjukehusa på Nordfjordeid og i Lærdal før kunstverket bli hengt opp permanent på Førde sentralsjukehus. 

Kva meinte kunstnaren om o​​ppdraget

– Helse Vest hadde eit sterkt ønskje om å takke alle medarbeidarar for jobben dei gjer, særleg i desse krevjande tidene. Eg syntes dette var eit særs fint tiltak, og takksemd blei derfor eit naturleg tema for alle parter, seier Pøbel.

– Eg ville lage noko som helsearbeidarar kunne kjenne seg igjen i. I desse dagar blir vi bedde om å halde avstand og ha mindre kontakt med venner og familie, og alt er sterilt og kaldt. Det som tidlegare kanskje var ein klem vi tok for gitt, er no blitt svært verdifullt. At noko så uskyldig som ein god varm klem nærmast er forbode, illustrerer den spesielle tida vi er inne i. Forhåpentlegvis vil maleriet minne oss om ei tid som kjem tilbake, om noko vi kan sjå fram til.

Pøbel har laget rundt 250 trykk av verket «Dirty dancing». Første halvdel av utskriftene ble gitt til alle sykehusene i Norge som et tegn på takknemlighet overfor helsepersonell. Den andre halvparten av trykk ble solgt sammen med andres av hans lerret i lotteri hvor var halvparten av det totale beløpet (2 639 550.- nok) donert til helse personell i Norge, Resten av pengene skal brukes på nytt studio og stort drikkevannsprosjekt i Amazones-jungelen for urfolk som bor der. 

Sjå gjerne meir av arbeidet til Pøbel på facebook.com/pøbel

Kunstverk av Pøbel i Helse Førde
kunstverk som heng på ein grå vegg med panel utandørs av to personar som omfavnar kvarandre

Kunsten å seie takk av Pøbel - Utandørs kunstverk ved inngangen til Svanabygget

kunstverk av ein mann og ei kvinne som dansar

Dirty Dancing av Pøbel

Sist oppdatert 20.10.2022