Politimeister Sissel Hammer la inn eit godt ord for Torpomoen som nasjonalt kompetansesenter då Stortingsrepresentant Anders B. Werp (H) var på besøk.
Politimeister Sissel Hammer la inn eit godt ord for Torpomoen som nasjonalt kompetansesenter då Stortingsrepresentant Anders B. Werp (H) var på besøk.

Likar planane for Torpomoen

Stortingsrepresentant Anders B. Werp (H) vil prøve å overtyde justisminister Grete Faremo om at Torpomoen eignar seg ypparleg som tverrfagleg og nasjonalt kompetansesenter for utrykkingsetatane.

Anders B. Werp sit i justiskomiteen på Stortinget. Fredag var han og ein delegasjon med lokale Høgre-politikarar på bedriftsbesøk i Hallingdal.

Nasjonalt blålyssenter

Fyrste stopp var Torpomoen rednings- og øvingspark. Der fekk dei ei fyldig orientering om alle verksemder som er samla der, og om potensialet til å utvikle Torpomoen til eit tverretatleg og nasjonalt kompetansesenter for alle redningsetatar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Werp vart imponert over det han høyrde og såg.

– Eit veldig nyttig og interessant besøk. Torpomoen eignar seg ypparleg som nasjonalt kompetansesenter for utrykkingsetatane. Dette tek eg med meg tilbake til Stortinget og vil også leggje det fram for justisministeren, oppsummerer Werp.

– Godt til rette

Under presentasjonen frå dei ulike redningsetatane som er samla på Torpomoen, var behovet for eit tverretatleg øvingssenter hovudtema. Torpomoen ligg sentralt i Sør-Norge og har allereie etablert eit svært godt samarbeid mellom «blålys»-etatane.

F.v. innsatsleiar Øyvind Aaboen, politimeister Sissel Hammer og stortingsrepresentant Anders B. Werp (H) under bedriftsbesøket på Torpomoen. I bakgrunnen Høgre-politikarane Jan Egil Halbjørhus, Torhild Helling Bergaplass og Roger Toppen.

Stortingsrepresentant Anders B. Werp (H) vil fortelja justisministeren kor godt Torpomoen eignar seg for eit nasjonalt øvingssenter for utrykkingsetatar.
Stortingsrepresentant Anders B. Werp (H) vil fortelja justisministeren kor godt Torpomoen eignar seg for eit nasjonalt øvingssenter for utrykkingsetatar.
Jan Einar Andersen i TAS Norge (tverretatleg akuttmedisinsk samarbeid) meiner Torpomoen eignar seg godt for eit nasjonalt kompetansesenter.
Jan Einar Andersen i TAS Norge (tverretatleg akuttmedisinsk samarbeid) meiner Torpomoen eignar seg godt for eit nasjonalt kompetansesenter.

– Torpomoen ligg sentralt i Sør-Norge, og alle fasilitetar både ute og inne på plass. Alt ligg veldig godt til rette for å opprette eit nasjonalt senter for alle fagetatar, seier Hans B. Werp.

Etter besøket på Torpomoen reiste Werp og Høgre-delegasjonen på bedriftsbesøk i pelsdyrfarmen til Sigbjørn Kirkebøen i Hemsedal.