Vassfaret Bjørnepark og anlegga som blir bygd opp rundt parken fekk skryt frå talarstolen på Stortinget.
Vassfaret Bjørnepark og anlegga som blir bygd opp rundt parken fekk skryt frå talarstolen på Stortinget.

Høgremann rosar rovviltsatsinga i Flå

Høgrerepresentant Bjørn Lødemel (H) slo eit slag for Flå i Stortinget.

I ein rovvilt-interpellasjon tysdag, roste han utbygginga i og omkring Vassfaret Bjørnepark.

– Samlokaliseringa av bjørneparken, opplæringssenteret til Norges Jeger- og Fiskerforbund og rovdyrsenteret vil bli gull verdt i framtida, sa Lødemel som er rovviltpolitisk talsmann i Høgre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Passar inn

Han viste til rovviltforliket der det blir slått fast at det skal arbeidast aktivt med kompetansehevande tiltak for lisensfelling, og at det skal etablerast eit betre kurstilbod med sikte på å effektivisere lisensfellinga.

– Heile anlegget i Flå passar som hand i hanske til desse formuleringane, sa Lødemel.

Ligg til rette

Han meinte at auka kunnskap på fagleg grunnlag i rovdyrsenteret og opplæring av jegerar i NJFF sitt opplæringssenter i svært innbydande omgjevnader ved bjørneparken blir eit flott «Kinderegg» for å auke kunnskap og kompetanse om rovvilt.

Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel talte varm for Flå.
Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel talte varm for Flå.

Lødemel slo fast at det bør liggje godt til rette for offentleg støtte til dette anlegget.