FITJAR:– Eg vil ha tilbake synleg politi i Fitjar-gatene, understreka ordføraren i torsdagens møte med Stord-lensmann Odd Harald Hovland og Hilde Magnusson Lydvo (Ap) frå Stortinget sin justiskomite.

Han er ikkje nøgd med følgjene av politireforma som vart innført i 2002.

– Før politireforma hadde me lensmann, to betjentar og ein kontortilsett ved lensmannskontoret vårt. No er det berre lensmannen tilbake, og han er også pålagt administrative oppgåver. Betjentane har gått inn i felles vaktordning for Stord, Fitjar og Bømlo og er stasjonerte på Stord lensmannskontor. Dette har ført til ein auke i hærverk og trafikale lovbrot, seier Aarskog.

Null respekt

Han nemner påverka sjåførar, kjøring utan skilt og førarkort, trimma mopedar og råkøyring. Sjølv greidde Ap-politikaren i vinter å hoppa til side i siste sekund før han vart køyrt ned av ein moped i vill ferd på fortauet.

– Polititenesta vår er sett tiår tilbake i tid. Det såkalla nærpolitiet er borte, noko som svekkjer det førebyggjande arbeidet. Me ser at dette har ført til mindre respekt for lovar og reglar, påpeikar Aarskog.

På sikt fryktar han at det lokale lensmannskontoret vert lagt ned for godt.

– Eg vil i det lengste kjempa mot at det skal skje, varslar Agnar Aarskog.

Fleire kontrollar

Stord-lensmann Odd Harald Hovland understrekar at Fitjar er ein trygg kommune å bu i, med svært låg kriminalitet. Han tek likevel Aarskog sitt utspel på alvor og varslar tiltak.

– Dersom det oppstår spesielle utfordringar, som her på Fitjar, så vil me analysera situasjonen og sjølvsagt gjera noko med den. Blant anna så kjem me til å intensivera trafikkontrollane våre i kommunen for å få bukt med råkøyring og trimma mopedar.

Lensmannen understrekar samstundes at dette er eit problem som politiet ikkje kan løysa åleine.

– Me har vore borti foreldre som let borna sine køyra trimma mopedar, under føresetnaden av at dei må betala bota si sjølv om dei vert tekne. Dette er haldningar som politiet har problem med å akseptera. Det er svært mykje opp til vaksenpersonar å spreia gode haldningar. Me har ikkje høve til å vera på vegane 24 timar i døgeret. Dermed er det avgjerande kva føringar som vert lagde på heimebane, seier Hovland.

– Nyttige innspel

Han peikar også på konsekvensane av å koma ut for ei ulykke på ein trimma moped.

– Då kan du risikera å dra på deg ein skade som du ikkje vil motta forsikringsutbetaling for, seier han.

Hilde Magnusson Lydvo treff justisminister Knut Storberget i Bergen i dag, og vil bringa vidare konklusjonen av møtet på Fitjar.

– Eg er glad for å koma ut og ta problema på pulsen og sjå korleis reforma fungerer i praksis, i staden for å sitja i Oslo og synsa. Dette var nyttige innspel, seier ho.

kjetil. ostrem[AT]haugesunds-avis.no