– Verket blir bygd som planlagt med ferdigstilling i 2007, og reinseanlegget skal vera på plass to år seinare, forsikrar nestleiaren i Stortinget sin energi- og miljøkomité.
Det var olje- og energiminister Odd Roger Enoksen (Sp) som skapte uro rundt framdrifta under ein konferanse i Oslo måndag. Han lova at anlegget på Kårstø skal vera reint innan fire år, men ville ikkje ta heile rekninga sjølv.

– I fare

I går gjekk rogalandsrepresentant Bent Høie (H) sterkt ut og hevda at statsråden med dette utspelet sette heile prosjektet i fare.
– Når Enoksen seier at staten ikkje vil betala for CO2-reinsinga, må det vera grunn for utbyggjaren, Naturkraft, å vera bekymra, seier Høie.
Tore Nordtun innrømmer at kostnadssida er interessant, og at regjeringa koplar denne til ei større verdiskapingskjede, utan at dei vil endra rammevilkåra.
– Me vil etablera eit selskap som tar seg av prosessen med å ta ut karbonet og returnerar dette til sokkelen. Akkurat denne biten må nokon vera med å betala, men her ligg det også inntekter i form av meirproduksjon, forklarer Nordtun, som meiner denne verdikjeda vil vera av stor interesse internasjonalt.

Rolig

Informasjonssjef Geir Fuglseth høyrde Enoksen sitt foredrag. Han tar utspelet med fatning.
– Slik eg tolkar Enoksen, er det ingen fare for framdrifta til prosjektet på Kårstø. Me har vår konsesjon og held oss til den, seier han.
Naturkraft har gjeve klar beskjed om at selskapet ikkje har ei krone å bruka på reinsinga, og har heller ikkje plikt til å gjera dette etter konsesjonen. Utbyggjaren trur at staten i ein startfase må bera kostnaden med den såkalla verdikjeda for CO2.
Det vil kosta rundt 1,5 milliardar kroner å få Kårstø-anlegget reint. Regjeringa vil i sitt budsjettframlegg torsdag i neste veke gjera konkret greie for opplegget i ord og tal.
arne.frokedal@haugesunds-avis.no