At det er på tide å koma i marsjfart ut i gatene, vitnar både bjørk, løvetann og engkarse om. Nokre av gatemusikantane hadde uniformvenlege regnkapper, som ikkje trongst. Toget gjekk frå Solplassen via Opsangervegen til Sjukeheimen og tilbake gjennom proletariatets aveny, Kolavegen.Parolane var likt fordelte mellom storpolitikk og industripolitikk, medan ingen middelaldrande arbeidstakarar hadde ork til å gå i gatene til forsvar for dagens avtalefesta pensjonsordning for slitne 62-åringar, eit brennaktuelt tema i vårens tariffoppgjer.Boikott av Israel, asyl til Vanunu og nok kraft til industrien var oppsummert parolehavet i dagens 1. maitog på industristaden Husnes. Toget hadde venteleg vore noko lengre, om ikkje ofseleg mykje, om ikkje ei rekkje arbeidstakarar nett denne dagen hadde selt arbeidskrafta si til Mosvoldgruppen, i innspurten før opninga av Husnes Storsenter i morgon 2. mai.b>Fiolinvirtuos/b>Etter toget var det ein times kulturprogram i Festsalen i Kulturhuset. Der imponerte den unge fiolinvirtuosen Tina Presthus (11) frå Stord, kjend frå fjernsynsprogramma i>Norske talenter/i> og i>Kvitt eller dobbelt./i> Saman med mora Jelena på piano gjorde ho timen i Festsalen til ei stor oppleving, med forrykande og krevjande musikkstykke.Medlem av Justiskomiteen i Stortinget, Hilde Magnusson Lydvo, heldt tale for dagen, og trekte fram tema som menneskehandel, klimaspørsmåla, matvarekrisa og arbeidslivspolitikken. ? Det er viktig å sjå korleis verda der ute er når ein skal føra politikk her heime, sa ho mellom anna, i ein engasjert og optimistisk tale.Timen vart leia av Ragnar Riise, med opningsord av Lars Magnar Bjelland. Ordførar Synnøve Solbakken var tilhøyrar på bakarste benk, men heldt talen for dagen i Jondal før ho kom heim i tide for kransenedleggjing på grava til Aksel.