– Eg jobbar for å få til ein vestlandsregion. Om vi tek med Rogaland er heile Vestlandet samla. Det vil vere ein gigant samanlikna med andre delar av landet, fortel stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) til NRK.

Som ei motvekt til makta på Austlandet, ser Lødemel for seg eit fylke på Vestlandet. Fylkesordførar i Hordaland Anne Gine Hestetun (Ap) er positiv, men Volda-ordførar Jørgen Amdam (Ap) trur det vil bli for stort, og ønskjer eit fylke beståande av Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.