Åge Starheim (Frp) meiner Høgre sitt landsmøte tok eit steg tilbake i kampen for Stad skipstunnel. Bjørn Lødemel (H) kunne ikkje vore meir ueinig.

Stortingsrepresentant Åge Starheim er ikkje særleg imponert over dei formuleringane Høgre sitt landsmøte har vedteke om skipsfart og skipstunnel.

– Det er eigentleg eit steg tilbake. Før har Høgre stått skulder ved skulder med oss i dei andre borgarlege partia. No er det runde uforpliktande formuleringar og ikkje direkte støtte som gjeld. Det er ikkje godt nok, seier Starheim.

Den tidlegare ordføraren i Selje viser til at det som skjedde på Høgre sitt landsmøte er eit hav frå vedtaket på Høgre sitt fylkesårsmøtet som kravde at skipstunnelen skulle byggast.

“ ... Stad skipstunnel er eit av dei mest spektakulære samferdsleprosjekt som finst i dette landet, og det er eit prosjekt som har svært stor regional og nasjonal effekt både til lands og til sjøs. Stad skipstunnel vil legge til rette for trygg sjøtransport forbi eit av verdas farlegaste havområde, den vil gje enklare og sikrare transport forbi Stad-halvøya for næringslivet i heile Noreg, og den vil legge til rette for ein spennande bu- og arbeidsregion mellom Ålesund og Florø. Stad skipstunnel er eit nasjonalt prosjekt som må realiserast i nasjonal regi.

Få samferdsleprosjekt har hatt så mange utgreiingar som Stad skipstunnel. Dei fleste trudde at planleggingsfasen var over då konseptvalutgreiinga til Kystverket i 2007 anbefalte regjeringa å bygge Stad skipstunnel etter stor tunnelprofil mellom Moldefjorden og Kjødepollen.

Det var mange som meinte at det var eit reint bestillingsverk frå regjeringa si side då Kystverket i 2011 konkluderte med at vær og vind var mindre utfordrande enn før, at båtane var blitt meir solide. På den bakgrunn vart det hevda at det ikkje var like stort behov for skipstunnelen som tidlegare utgreiing viste. Dei siste 20 åra har det vore ei rekkje nestenulukker med Hurtigruta utanfor Stad. Dette er med på å motbevise Kystverket sin påstand. SINTEF fekk i oppdrag å utføre ein kritisk gjennomgang av den siste utgreiinga frå Kystdirektoratet, og kom fram til at dei negative kostnadene er 20 % mindre enn det som Kystdirektoratet konkluderte med.

Høgre har også sett fram framlegg i Stortinget om å fjerne moms på skipstunnelar, eit framlegg som vart stemt ned av dei raudgrøne partia. Hadde Høgre sitt framlegg om momsfritak vorte vedteke ville kostnadene vorte redusert med over ein halv milliard kroner.

Sogn og Fjordane Høgre meiner at tida for utgreiingar er forbi, og at vi no må kome i gang med handlingar. Høgre krev difor at planarbeidet til Stad skipstunnel blir gjort ferdig omgåande, og at det blir lagt til rette for at den kan byggjast som eit OPS prosjekt så raskt som råd. Dette tryggleikstiltaket for sjøfarande må no prioriterast av Storting og regjering i arbeidet med NTP ...”

– Detter er eit kjempebra forslag og då blir det for puslete å få med eit punkt om at ein må auke satsinga på skipsleia og så kalle det for ein siger for skipstunnelen, seier stortingsrepresentanten frå Selje.

Starheim seier han er kjend med at utsendigane frå Sogn og Fjordane prøve å få landsmøtet med på meir direkte og forpliktande formuleringar om skipstunnelen, men at dei ikkje lukkast.

Starheim viser til budsjettinstillig for 2012 der Frp og KrF kravde byging av stor skipstunnel med pengar alt i revidert budsjett i år.

KrF var også med Høgre som kravde skipstunnelen vurdert som eit OPS-prosjekt.

– Høgre stemte ikkje for vårt fellesframlegg. Det er urovekkande at dette skjer. For alle hadde det vore langt betre at opsoisjon stod samla bak skipstunnelen, seier Starheim.

Stortingsrepresentant og tidligerte fylkesleder av Sogn og Fjordane Høgre, Bjørn Lødemel, er totalt ueinig med Starheim.

Lødemel seier at for deira del er Stad skisptunnel eit av dei aller, aller viktigaste prosjeket å få realisert når dei kjem i posisjon.

Lødemel skryt uhemma av den innsatsen vågsøyordførar Morten Hagen la ned på landsmøtet.

– Morten var ein sjeldan god debutant og dei formuleringane han fekk med var viktige for skipstunnelen. Det var ingen i landsmøtet som tvilte på at det var skisptunnelen Morten la i formuleringa om å satse på skipsleia, seier Lødemel.

Stortingsrepresentanten frå Hornindal seier at også den vedtekne satsinga på landsmøtet om å få meir gods frå veg og over på kjøl gjer at Stad skipstunnel må bygjast.

Vi får sjå korleis SHøgre stemmer når skipstunnelen kjem opp som sak i revideringa av Nasjonal transportplan. Då får v eit svar, seier Åge Starheim.