Fjordenes Tidende har den siste veka hatt ei spørjeundersøking på nettsida fjt.no der spørsmålet var kven av dei fem stortingsrepresentantane frå Sogn og Fjordane lesarane våre hadde mest tillit til.

Langt over 1.200 personar har vore inne og stemt.

Suverent på tillitstoppen tronar Åge Starheim frå Framstegspartiet og Selje. Heile 42 prosent av dei som har svart har sagt at dei mar mest tillit til Starheim. 25 prosent har mest tillit til Høgre sin representant Bjørn Lødemel. 23 prosent av dei som har svart seier at dei har mest tillit til Erling Sande frå Senterpartiet. Når det gjeld dei to stortingsrepresentantane frå Arbeidarpartiet, Ingrid Heggø og Tor Bremer ender dei op med fattige 5 prosent kvar.

Dermed kan det sjå ut som at sjukehusstrid og nedlegging av lokalsjukehus rammar Senterpartiet og Erling Sande kjem langt mindre enn det rammar Ingrid Heggø og Tor Bremer frå Arbeidarpartiet.

På fjt.no ligg det eit nytt aktuelt spørsmål: kvar bør brua over Nordfjord komme.

Les heile saka i papirutgåva fredag 9. juli.