Dei to stortingsrepresentantane frå Sogn og Fjordane som representerer opposisjonen er skjønt einige om at regjeringa har lagt fram eit skuffande budsjett.

Det er heldigvis berre eit forslag, så dermed kan det gjerast endringar og då til det betre, seier Bjørn Lødemel.

Åge Starheim meiner at dersom statsbudsjettet vert ståande er det eit dødsstøyt for lokalsjukehusa i Sogn og Fjordane.

- Då har vi fått det endelege beviset for at både regjering og statsråd bløffar når dei seier at ingen lokalsjukehus skal leggjast ned og at folk skal vere sikra nærleik til akutt- og fødetilbod. Budsjettet er eit klårt bevis på at regjering og statsråd strør sand på at Helse Førde ønskjer berre eit sjukehus i Sogn og Fjordane i framtida, seier Starheim.

- For alle oss som ønskjer gode lokalsjukehus og eit sterkt sentralsjukehus i Sogn og Fjordane er framlegget til budsjett eit vonbrot. Det viser at raudgrøne politikarar ikkje er til å stole på i spørsmål om nærleik, sjukehus og helse, seier Bjørn Lødemel.

Les heile saka i papirutgåva fredag 8. oktober.