Fylkeslaget for Høgre har gjennomført to høyringsrundar hos lokallaga og alle dei 26 laga har gjeve sine tilbakemeldingar. Fylkeslaget si innstilling skal delvis vere basert på desse innspela.

- Nominasjonsnemnda har gjennomført intervju med dei fire øvste kandidatane og sitjande stortingsrepresentant Bjørn Lødemel. Nemnda har jobba for å finne dei beste kandidatane. Ein har komme fram til ei samrøystes innstilling som speglar folket i fylket når det gjeld alder, kjønn og geografisk samansetjing, skriv fylkeslaget i ei pressemelding.

Sogn og Fjordane Høgre har Frida Melvær på topp, etterfølgt av Bjørn Hollevik og Stryneordførar Sven Flo.

Bjørn Lødemel legg ikkje skjul på at han er skuffa over å ikkje vere nominert til vallista for Stortingsvalet 2017.

- Ja, eg er skuffa. Eg vil likevel vurdere dette fortløpande fram mot nominasjonen der det faktisk blir bestemt. Eg føler eg framleis har god støtte blant fleire lokallag, seier Lødemel til Fjordingen.

- Din eigen heimkommune Hornindal er på veg ut av fylket. Er det ein tung årsak til at du er ute av nominasjonen, trur du?

- Det har utvilsomt skapt ein usikkerheit til meg blant mange lokalllag i fylket, men eg er framleis avslappa i forhold til dette. Det viktigaste er uansett at Sogn og Fjordane Høgre blir godt representert, seier Lødemel.

- Sven Flo er inne på tredjeplass. Han har tidlegare uttalt at han gjerne stiller til stortingslista, men ikkje som motkandidat til deg. Kva trur du om at Flo er høgt nominert?

- Både Sven Flo og Frida Melvær er kjempegode kandidatar til ein plass på stortingslista. Det blir veldig spanande fram mot nominasjonen, seier Lødemel. Nominasjonsmøtet er 29. oktober.

Sogn og Fjordane Høgre har samrøystes innstillt følgande:

1.  Frida Melvær, Askvoll

2.  Bjørn Hollevik, Flora

3.  Sven Flo, Stryn

4.  Lise-May Sæle, Unge Høgre, Balestrand

5.  Morten A. Hagen, Vågsøy

6.  Anne Lilleaasen, Gaular

7.  Arnt Hovland Munthe, Senior Høgre, Sogndal

8.  Eli R. Førde Aarskog, Eid

9.  Karin Vikane, Sogndal

10. Olve Grotle, Førde