Det er Bjørn Lødemel som seier dette etter at NRK Sogn og Fjordane avslørte at Høgre sin stortingsrepresentant har snudd i synet på kvar E39 bør gå i Nordfjord.

- Du har tidlegare vore klar på at Lote-Anda bør vere kryssingspunktet i Nordfjord?

- Ja, eg har meint at S-en med bru Lote-Anda, E39 langs Hornindalsvatnet og Kvivsvegen vidare nordover, ville vere det beste. Spesielt med tanke på den regionale effekten dette vil få i Nordfjord.

- Kvifor har du endra meining?

- Det har vorte eit stadig sterkare fokus på at ferjefri E39 mellom Kristiansand og Trondheim skal vere ei rask og effektiv trafikkåre. Då tåler vi ikkje ein 20 minutts ekstra omveg i Nordfjord, slik S-en vil innebere. Og når vegvesenet i si faglege vurdering ser bort frå S-en, vil det andre alternativet via Lote-Anda vere å byggje ny E39 via Stigedalen. Men eg meiner det vil vere feil å bruke to milliardar kroner på å byggje ein ferjefri veg nordover til Volda parallelt med den allereie ferjefrie Kvivsvegen, seier Lødemel.

Bjørn Lødemel opplyser til Fjordingen at det er eit par veker sidan han orienterte Høgre sine lokallag i Eid og Gloppen om at han har endra E39-standpunkt.

- Forstår du at dei no er svært skuffa, og at indre trase med bru ved Svarstad kan verke øydeleggjande for arbeidet med bru Lote-Anda?

- Det forstår eg. Uansett trur eg ei bruløysing ligg langt fram i tid. Hovudfokuset og første prioritet framover må vere å få gul midtstripe på heile E39 gjennom fylket, og at vi får 20-minutts avgangar på Lote-Anda.

- Har du vore utsett for eit sterkt press frå indre Nordfjord i E39-saka?

- Det største presset har eg lagt på meg sjølv. Det overordna for meg er å få på plass ein effektiv korridor for E39 utan 20 minutts ekstra reisetid, og at dei to milliardane som ville gått med til Stigedal-alternativet, heller kan bli brukte andre stader på E39, avsluttar Bjørn Lødemel.