Den oppheta debatten om kvar E39 og bru over Nordfjorden skal gå, held fram.

- Liv Signe Navarsete går mot regjeringa sine merknadar i Nasjonal Transportplan, seier Bjørn Lødemel (H), stortingsrepresentant frå Hornindal. Lødemel viser til eit intervju i Sunnmørsposten laurdag, der Sp-leiar og statsråd Liv Signe Navarsete i følgje avisa seier at midtre linje i Nordfjord og Hafast på Sunnmøre vil vere det beste alternativet for framtidig E39, med bru Lote-Anda og vidare gjennom Stigedalen til Volda.- Dermed snur ho og går vekk frå Kvivsvegen som ein del av E39. Ho ønskjer no at det blir bygd ein parallell til Kvivsvegen med ny bru over Voldafjorden/Austefjorden, seier Lødemel i ei pressemelding. - Det betyr at Navarsete ønskjer å bruke 2 - 4,2 milliardar kroner ekstra i høve til det som indre linje med Kvivsvegen, bru ved Svarstad og tunnel gjennom Utvikfjellet kostar. Ho ønskjer også å velje eit alternativ som har lenger reisetid enn indre. Lødemel seier at Navarsete på denne måten går mot regjeringspartia sine merknader i Nasjonal Transportplan 2014-2023 om oppstart av delstrekningar mellom Vadheim og Hornindal, fram til Kvivsvegen, i andre del av planperioden. - Navarsete vil ha eit alternativ som har blitt nedstemt i fylkestinget i Sogn og Fjordane, og som fylkestinget i Møre og Romsdal ikkje ein gong har teke opp til handsaming. Navarsete sin snuoperasjon er den siste i rekka av Sp-utspel om traseval på framtidig E 39 siste månadane, og dette syner at partiet rir alle hestar som finst i denne saka, meiner Lødemel.Han nyttar også høvet til å legge til at dette siste utspelet stadfestar Høgre sitt syn om at S-alternativet ikkje er noko aktuelt alternativ for eit effektivt samband på ferjefri E-39, og at den sterke kritikken som har kome mot Høgre såleis har vore grunnlaus.