- Eg  er svært glad og takknemlig for at 11 av 26 lokallag har sett mitt namn øvst på lista. Det er inspirerande i den vidare nominasjonsprosessen, seier stortingsrepresentant Bjørn Lødemel i ei pressemelding. Måndag var innspela frå alle lokallaga i fylket klare.

Overfor Fjordingen seier Lødemel at han er svært takknemleg for støtta frå alle 11 lokallag som har sett han på topp, og i særdelesheit støtta frå Stryn Høgre og ordførar Sven Flo.

- Eg ser ut frå tilbakemeldingane at fylkestilknytinga til Hornindal framleis er ei vanskelig sak for mange av lokallaga i høve til mitt kandidatur. Ut frå dei tilbakemeldingane som har kome frå lokallaga er det gledelig å sjå at Frida Melvær har fått stor tillit som toppkandidat. Eg ser også at Sven Flo nyt stor tillit i alle lokallaga. Begge desse kandidatane har gjort ein framifrå jobb som ordførarar i sine kommunar i fleire periodar, og eg har hatt gleda av å jobbe tett på dei i mange viktige saker for partiet vårt, seier Lødemel.

Han fortel at begge desse kandidatane har uttalt og gjenteke at dei ikkje vil konkurrere med Lødemel om førsteplassen på lista.

- Eg har sett stor pris på det, men ut frå dei tilbakemeldingane som er komne frå lokallaga ønskjer eg ikkje å blokkere for deira muligheiter til å kjempe om dei plassane på lista dei sjølv ønskjer, uavhengig av kva som skjer med meg.

Når det gjeld mitt eige kandidatur, så ønskjer eg å kjempe om førsteplassen på lista, og eg vil sjølvsagt heile tida vurdere kva eg og partiet er best tente med. For meg er det aller viktigaste at Sogn og Fjordane Høgre framleis skal ha sin stortingsrepresentant, og at Erna Solberg og Høgre skal vinne valet. For å legge grunnlaget for det er det avgjerande at vi har ein god, open og ærlig nominasjonsprosess i Sogn og Fjordane Høgre, og eg skal gjere mitt for at det blir slik, seier Lødemel i pressemeldinga.