Det er no klart at Bjørn Lødemel (H) blir å finne i Kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget. Dermed blir han ein av dei som får mykje å gjere med kommunesamanslåingsreformen som regjeringa legg opp til å gjennomføre.

Dei andre stortingsrepresentantane frå Sogn og Fjordane får slik komiteplassering:

Sveinung Rotevatn (V) - Arbeids- og sosialkomiteen.

Liv Signe Navarsete (Sp)- Untanriks- og forsvarskomiteen.

Ingrid Heggø (Ap) - Næringskomiteen.