– Vi hadde verkeleg håpa på regjeringsskifte. I Sogn og Fjordane har vi hatt eit val om lag som på landssnittet, slik vi pleier. Vi hadde lyst til å kome i posisjon for å få politikken i rett retning, men denne gongen gjekk det ikkje den vegen, konstaterer Ingrid Heggø, som saman med Liv Signe Navarsete(Sp), Frida Melvær (H) og Tore Storhaug (KrF) skal representere fylket på Stortinget dei neste fire åra.

 –  Kor stor var skuffelsen. Felte du nokre tårer?

–  Nei, eg felte ingen tårer, men eg trøysta utruleg mange AUF-arar som hadde lagt ned ein kjempeinnsats. Vi har stått på dag og natt.

– Er det partileiar Jonas Gahr Støre som er for dårleg?

– Nei, Jonas har vunne alle debattar. Alle dei store partileiarane gjer det vanlegvis dårleg det første valet. Det gjorde både Stoltenberg og Solberg. Jonas har vore granska opp og i mente. Om dei hadde funne ein 10-øring heime hjå han, så ville den blitt granska. Vi satsar på at han kjem sterkt tilbake om fire år, seier Heggø, som no belagar seg på fire år i opposisjon.

Det Heggø er mest spent på er å sjå kor langt Kristeleg Folkeparti vil strekkje seg. Dei vil ha Erna, men ikkje FrP, men støtter dei ei borgarleg regjering, må dei ha Frp med på kjøpet.

Klar for ferie

For Ingrid Heggø har sommaren gått med til valkamp og kreftbehandling, og det har ikkje vore tid til sommarferie. No er ho ferdig med behandlingane og det er på tide å kople av med telefonen på lydlaus. Turen går til Middelhavet på cruise i ei veke før ho må tilbake til det gamle stortinget sluttar av i slutten av september og det nye opnar 1. oktober.

Utjamning av nettleiga

– Kva er det første du ville ha gjort om du var statsminister for ein dag?

– Det første eg ville gjere er å tilbakeføre alle dei smålege kutta som den borgarlege regjeringa har kome med, som kutt i barnetillegget for uføre.  Så ville eg sytt for utjamning av nettleige og sett inn fleire lærarar i skulen.