Dette er klart etter at nominasjonsnemnda til Sogn og Fjordane Høgre har kome med si innstilling. Her er Frida Melvær, ordførar i Askvoll, partiet sin toppkandidat.

– Det er klart at eg er skuffa. Eg har jo gitt klar melding om at for meg er det førsteplassen eller ingenting, seier Lødemel til Fjordabladet.

Vil ikkje spekulere

Han vil ikkje seie noko om kva som kan vere årsaka til at han som sitjande stortingsrepresentant er vraka i fylkespartiet si innstilling.

– Eg har ikkje behov for å spekulere i kva som er bakgrunnen. Det eg legg vekt på er at eg har fått støtte frå elleve lokallag i fylket, altså nesten halvparten av lokallaga. Det er eg glad for, seier Lødemel, som vil gratulere Frida Melvær med topplassen på lista.

– Eg vil absolutt gratulere Frida. Ho har fått støtte frå mange store lokallag, og er innstilt av ei samrøystes nominasjonsnemnd, seier Lødemel.

Nominasjonsmøte 29. oktober

Sjølv om han onsdag vart vraka av nominasjonsnemnda i Sogn og Fjordane Høgre, vil han stå som kandidat fram til saka blir formelt avgjort på nominasjonsmøtet siste helga i oktober.

– For meg er det uansett viktigast at Høgre får ein representant frå Sogn og Fjordane på Stortinget. Eg har eitt år igjen som representant på Stortinget, og vil gje bånn gass for sakene eg har gått til val på. Det er dette eg har fokus på, og har ikkje noko behov for å seie noko om kva eg skal gjere etter at eg er ferdig på Stortinget, seier Lødemel.

Grunngjeving

I ei pressemelding frå Sogn og Fjordane Høgre heiter det dette: ”Fylkeslaget har gjennomført to høyringsrundar hos lokallaga. Alle dei 26 laga har gjeve tilbakemelding. Innstillinga er m.a. basert på desse innspela. Nominasjonsnemnda har gjennomført intervju med dei fire øvste kandidatane og sitjande stortingsrepresentant Bjørn Lødemel. Nemnda har jobba for å finne dei beste kandidatane. Ein har komme fram til ei samrøystes innstilling som speglar folket i fylket når det gjeld alder, kjønn og geografisk samansetjing.

Nominasjonsnemnda

Medlemmer av nemnda har vore: leiar Arlene Vågene (Flora), nestleiar Lars Lefdal (Leikanger), Mirijam Yasmin Bale Wehbe (Unge Høgre, Balestrand), Marit Hovland Munthe (Senior Høgre, Sogndal), Rune Risnes (Hyllestad), Frøydis Helland (Lærdal), Roar Grønmo (Stryn), Anette Vågene Shanks (Naustdal) og Oddvin M. Hansen (Eid).

Nominasjonsnemnda si samrøystes innstilling:

1.  Frida Melvær, Askvoll

2.  Bjørn Hollevik, Flora

3.  Sven Flo, Stryn

4.  Lise-May Sæle, Unge Høgre, Balestrand

5.  Morten A. Hagen, Vågsøy

6.  Anne Lilleaasen, Gaular

7.  Arnt Hovland Munthe, Senior Høgre, Sogndal

8.  Eli R. Førde Aarskog, Eid

9.  Karin Vikane, Sogndal

10. Olve Grotle, Førde

* Ved handsaminga av plass nr. 7 gjekk Marit Hovland Munthe (Senior Høgre) i frå møtet som inhabil.