Dette kjem fram i ei pressemelding frå Helse Førde.

Det var Høgres stortingsrepresentant frå fylket som sleppte nyhendet på ein pressekonferanse på Førde sentralsjukehus onsdag ettermiddag. Utbygginga er inne med ei startløyving på statsbudsjettet som kjem 6. oktober.

− Regjeringa legg med dette til rette for at Helse Førde kan gjere nødvendige oppgraderingar av bygningsmassen i Førde. Vi meiner dette vil gje betre drift og tenester til beste for pasientane, seier stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H).

Oppgraderinga av sjukehuset i Førde inneheld nytt bygg for psykisk helsevern. Nybygget skal ha lokale til barne- og ungdomspsykiatri, og dessutan ny poliklinikk, døgntilbod og betre forhold for akuttpsykiatrien. I moderniseringsplanane ligg også ombygging av hovudblokka. Det inkluderer mellom anna sengepostar, etablering av observasjonspost, meir areal til poliklinikk- og behandlingsrom, auka kapasitet på dialyse og betre tilhøve på operasjon. Dagens areal til vaksenpsykiatri skal byggjast om til pasienthotell og kontor for administrasjon.

− Dette er fantastiske nyhende for Helse Førde og Sogn og Fjordane, og noko det har vore  jobba både mykje og lenge for. Eg er svært glad for positive signal om lånemidlar slik at vi kan arbeide vidare med å lage ei endå betre og meir pasientnær spesialisthelseteneste for innbyggjarane i Sogn og Fjordane, seier administrerande direktør Jon Bolstad.

Både barne- og ungdomspsykiatrien og store delar av administrasjonen i Helse Førde held i dag til i leigde lokale i Førde sentrum. Når utbygginga står ferdig vil aktivitetane føretaket har i Førde vere samla på sjukehusområdet på Vie.

Løyvinga frå regjeringa tilsvarar 70 prosent av den venta prosjektkostnaden på kring 1,5 milliardar for den omsøkte utbygginga i Førde.

Styret i Helse Førde vedtok ein plan for ut- og ombygging av Førde sentralsjukehus i fjor. Denne blei seinare stadfesta av styret i Helse Vest.

Helse Førde legg til grunn ei demografisk utvikling med aukande del eldre fram mot 2030. Dette vil påverke behovet for spesialisthelsetenester. Målet med utbygginga i Førde er å sikre at Helse Førde også framover kan levere høg kvalitet på tenestene. Planane skal bidra til å oppfylle nasjonale mål om å utvikle «pasientens helseteneste.» Sjukehuset skal vere funksjonelt, dekke kapasitetsbehov, vere ein attraktiv arbeidsplass og oppfylle samfunnsmessige mål innenfor energi og miljø.

− Så er det ekstra gledeleg at det vil være dei psykisk sjuke som vil oppleve dei største endringane etter at utbyggingsplanane er gjennomført, seier Bolstad.