lørdag 15. juni 2019

Start på Fløyen også i 2019. Ein framifrå tur frå Bergen(Fløyen) til Knarvik 

Bergen FjordTur er ein turmarsj/løp på ca. 27 km. Traseen går frå Fløyen til Knarvik Senter. Store delar av turen følger den gamle postvegen og fortset på fortau/veg/sti over Norhordlandsbrua, Flatøy og Hagelsundbrua til Knarvik Senter. Dersom du ikkje vil gå heile turen, kan du starte frå IKEA i Åsane (14km). NB!Tur med fløybana opp til Fløyen er ink. i påmeldinga.

Utsikt frå Fløyen

Utsikt frå Fløyen

NB! Etterpåmelding - tur opp til Fløyen er IKKJE Inkludert i påmeldinga.
Eiga klasse for løp. Berre start frå Fløyen. Her blir det tidtaking og premiering til dei 3 beste kvinner og menn.
Dato: lørdag 15. juni NB!!
Start Fløyen : turklasse kl 09:30 - 10:00 ,  løpsklassen kl 10:00(fellesstart) - IKEA Åsane 11:30 (felles start)
Premiering: Trekt på startnr. Ein er også med i trekninga av hovudpremiane på sjølve Knarvikmila i september. 
Gratis buss: Det vert sett opp GRATIS buss frå Knarvik til Bergen/IKEA kl 08:30/10:30. Det er også gratis buss frå Knarvik til Bergen/Åsane etter løpet.
Henting av startnummer: Ved nedre stasjon Fløyenbanen frå 08:30 til 09:45 - Ved IKEA Åsane frå 11:00 til 11:30.
Etterpåmelding: På Fløyen frå 09:00 til 10:00 (Må kjøpe eigen billett opp til Fløyen) - Ved IKEA Åsane frå 11:00 til 11:30.
START Fløyen: LØP: Fellesstart frå Fløyen klokka 10:00. TUR: Frå Fløyen klokka 09:30 - 10:00 - Fellesstart frå IKEA Åsane klokka 11:30.