Dette lesarbrevet er henta frå Sogn og Fjordane Næringsråd si høyringsuttale til NOU 2019:18 Skattlegging av havbruk. Uttalen er utarbeidd i samarbeid med samfunnsøkonom Johannes Idsø, assisterande instituttleiar ved Høgskulen på Vestlandet og det baserer seg på ei verdiskapings-analyse som er bestilt av Havbruksprosjektet Blå Horisont-2030.

Sogn og Fjordane Næringsråd er svært kritisk til det som er lagt fram av fleirtalet i Havbruksskatteutvalget om skattlegging av havbruk. Sogn og Fjordane Næringsråd meiner at det vil vere feil og svært skadeleg å pålegge oppdrettsnæringa ein grunnrenteskatt som ikkje har anna grunnlag enn at overskotet i enkelte gode år har vore stort. Sogn og Fjordane Næringsråd meiner at ein i staden kan vurdere ei arealavgift/produksjonsavgift til vertskommunen basert på lokalitetane som næringa får nytte seg av. Denne avgifta må vere slik at den i hovudsak går til den kommunen der lokaliteten er, og dermed er uavhengig av kvar oppdrettsbedrifta har si forretningsadresse.

Bakgrunn: Det er 12 matfiskprodusentar som er registrert med hovudkontor i Sogn og Fjordane. I tillegg har Mowi og Erko Seafood produksjon i fylket, men dei har hovudkontor i Bergen. I gjennomsnitt vart det slakta 103.000 tonn laks i Sogn og Fjordane i perioden 2011–2018. Talet på tilsette i oppdrettsnæringa inkludert ringverknadane i privat sektor er estimert til om lag 1600 årsverk i Sogn og Fjordane. I fleire kystbygder, som for eksempel Byrknesøy og Bjordal, er oppdrettsnæringa å betrakte som hjørnesteinsbedrifter og dannar det økonomiske fundamentet for bygda sin eksistens.

Dei sjøareala som oppdrettsnæringa brukar er ein svært liten del av Norges totale sjøareal. Alternativkostnadane – det vil seie dei samfunnsøkonomiske kostnadane – som er knytt til oppdrettsnæringa sin bruk av desse areala er lik null. Å vise til at «næringen bruker fellesskapets ressurser» blir derfor feil. Dersom dette var rett måtte også andre næringar som brukar fellesskapet sine ressursar, til dømes fjordane, hatt den same skattlegginga. Det er heilt uaktuelt.

Oppdrettsnæringa er svært viktig for den økonomiske utviklinga i mange lokalsamfunn. Ei undersøking som vart føreteken av Høgskulen i Sogn og Fjordane viste at 73 prosent av alle innkjøpa til matfiskprodusentane i fylket vart føreteke i fylket. Det vil seie at oppdrettsnæringa brukar lokale leverandørar i den grad dette er mogeleg. I tillegg investerer eigarane av oppdrettsanlegg i lokale bedrifter. Dersom forslaget frå fleirtalet i Havbruksskatteutvalget blir gjennomført vil det kunne føre til at oppdrettsnæringa ikkje har tilstrekkeleg kapital til å møte auka konkurranse frå utlandet og vidareutvikle denne viktige næringa.

Marknadsutvikling og lønsemd: Verdiskaping og årsresultatet varierer svært mykje. I 2012 var årsresultatet og verdiskapinga nær null. Det indikerer ei næring med høg risiko. I 1991 var det krise i oppdrettsnæringa. Produksjonen var større enn det marknaden ville ta unna og svært mange aktørar gjekk konkurs. Sidan den gong har næringa ved svært omfattande ressursbruk klart å utvikle internasjonale marknader.

Dei gode prisane på laks dei siste åra skuldast at næringa sjølv har vore i stand til å utvikle både marknaden og eit effektivt salsapparat. Årsaka til høg inntening er derfor høg pris på verdsmarknaden som igjen er eit direkte resultat av næringa sine investeringar i marknadsutvikling og ein stadig aukande etterspørsel av laks samt svak kronekurs over fleire år. Dei siste 6–8 åra har også veksten i produksjonen av laks og aure stoppa opp på grunn av at ein politisk har lagt fram tiltak som «trafikklyssystemet» som skal styre produksjonen utifrå lakselusa sin påverking på villaksen.

Oppdrettsnæringa i Sogn og Fjordane er sterkt involvert i oppdrett av nye artar som kveite, torsk og ulike artar tang og tare. Hittil har ein ikkje lukkast i å gjere produksjon av disse artane lønsam, men fleire bedrifter arbeider for at dette skal bli ein realitet. I ei verd med ei sterkt aukande befolkning og med klimaendringar som kan føre til at verda sin landbaserte matproduksjon blir svært variabel, er det viktig at næringa har finansielle ressursar til å halde fram med sitt viktige utviklingsarbeid.

Staten tek ut den største delen av verdiskapinga: Med dagens regelverk er det staten som tek inn mest frå oppdrettsnæringa. I tiåret 2009–2018 har staten i gjennomsnitt pr. år teke inn 146 millionar kroner frå matfiskprodusentane (selskapsskatt, skatt på lønsinntekt og arbeidsgjevaravgift) i Sogn og Fjordane. Eigarane har teke ut 102 millionar kroner i utbytte pr. år medan det tilsette har fått utbetalt 52 millionar kroner når skatten er trekt frå.

I perioden 2009–2018 fekk staten 27 prosent av verdiskapinga, eigarane fekk 15 prosent medan dei tilsette fekk 12 prosent. Gjennom selskapsskatten får staten meir enn det som eigarane av oppdrettsbedriftene tek i utbytte. Resten av verdiskapinga vart pløgd tilbake i bedrifta og brukt til næringsutvikling og forsking. Ein del av utbyttet til eigarane blir også brukt til å betale formuesskatt til stat og kommune. At næringa mellom anna gjennom ei pålagt avgift har tilstrekkeleg med ressursar til forsking er svært viktig for å kunne bevare og helst auke den framtidige produksjonen på ein berekraftig måte.

Konklusjon: Sogn og Fjordane Næringsråd er svært kritisk til grunnrenteskatt for havbruksnæringa. Ein er også kritiske til korleis saka har blitt lagt fram. Mange har mellom anna kopla auka skattlegging av havbruksnæringa opp mot framlegging av skattelister. Det har ført til ei svært negativ og unyansert omtale av ei svært viktig distriktsnæring. Sogn og Fjordane Næringsråd meiner også at denne typen endringar som fleirtalet i Havbrukskatteutvalet legg opp til må skje i eit nært samarbeid mellom næringa og regjeringa og ikkje gjennom ekspertutval i meir eller mindre fri dressur.