Tor Bremer er ein av fleire politikarar på Stortinget som har opplevd at mobilen han har levert til reparasjon, har blitt overlevert til andre politikarar, men utan at det private innhaldet har blitt sletta først.

– Eg hadde heldigvis ingenting på mobilen som ikkje tolte dagslys, men det er ikkje noko kjekt, seier Tor Bremer til NRK.no.

Korkje han eller andre politikarar er nøgde med datatryggleiken, melder VG.

– Det er openbert at it-seksjonen på stortinget ikkje har alle rutinane i orden, seier Bremer til NRK.no.

Han viser til at liknande hendingar har skjedd minst fire gonger dei siste to åra. Stortingsrepresentantar har opplevd at telefonar har blitt levert til andre stortingskollegaer, men då har ikkje private bilete, tekstmeldingar, e-postar og kontaktar blitt sletta.