– Eg er svært glad for sjansen til å arbeide for næringslivet i Sogn og Fjordane i ei så spennande stilling, seier Bjørn Lødemel i ei pressemelding frå Framtidsfylket.

Lødemel har lang fartstid i politikken, og har mellom anna vore fylkesleiar i Sogn og Fjordane Høgre og stortingsrepresentant i åtte år.

– I mange år har eg reist rundt i fylket og sett kor kreativt, allsidig og offensivt næringsliv vi har, og eg ønskjer å bidra til vidare vekst og positiv utvikling, seier han.

Som dagleg leiar vil Lødemel ha kontorstad i Førde, men han vil bruke mykje av tida si på å besøkje næringsdrivande, bedrifter og næringslivsorganisasjonar i heile Sogn og Fjordane, står det i pressemeldinga.

– Eg vil vere ei sterk og klår stemme frå næringslivet både ovanfor statlege styresmakter og politiske organ på alle nivå, seier ein engasjert påtroppande dagleg leiar.

Yngve Hallén, styreleiar i Sogn og Fjordane Næringsråd, er ifølge pressemeldinga godt fornøgd med at Lødemel takka ja til stillinga.

– Det er kjekt å få med Bjørn Lødemel på laget. Han kjenner næringslivet på Vestlandet godt og vil vere ein god ressurs for våre medlemmar. Hans nettverk og erfaring frå 22 år som ordførar og stortingsmann, hans evne til å bygge organisasjon og tenke utvikling vil komme godt med i næringsrådet. Det er eit samla styre som ønskjer han velkommen.