Arbeidetpartiet skriv i ei pressemelding at barnehagane treng fleire tilsette med fagutdanning. Ap-politkaren Arild Stokkan-Grande, medlem av Stortingets familie- og kulturkomite, vil difor gjer det vanskelegare å gi dispensasjon frå utdanningskravet for dei som søkjer jobb i barnehage.

- 4000 dispensasjoner er for mange og dette talet må ned, meiner Stokkan-Grande.

Fungerer som sovepute

I fleire år har barnehagar fått mogleheiten til å tilsette personar som ikkje har noko form for formell kompetanse.

- Vi frykter dispensasjonsordninga fungerer som ei sovepute, seier Arild Stokkan-Grande.

Politikaren meiner barnehageeigarar har ansvaret for å tilsette personale med tilstrekkjeleg kompetanse.

- Barnehagen knyt saman omsorg og pedagogikk, og skal gi born under skulealder gode aktivitets- og utviklingsmoglegheiter, seier Stokkan-Grande.

Får støtte

Arild Stokkan-Grande får støtte av leiar i Nasjonalt foreldreutval, Lena Jensen.

- Forslaget er ein kjempeide som vil sikre kvaliteten i barnehagen, seier Jensen.