MANGE ULUKKER OM SOMMAREN: Kvart år er det menneske som vert råka av uvær, uhell og ulukker. Kvart år skjer det meste til sjøs, og statistikken toppar seg om sommaren, skriv Ingrid Heggø og Hilde Magnusson Lydvo. Her patruljerer Redningsskøyta langs dei sju søstre på Helgelandskysten.

Ein trygg sommar

Sommaren er ei tid då mange av oss er på farten landet rundt. Med auka aktivitet både på sjø og land aukar sjansen for ulukker og redningsaksjonar. Her gjer dei frivillige organisasjonane ein kjempejobb. Samstundes arbeider regjeringa på fleire frontar for å styrke den offentlege beredskapen.

I 2007 vart det registrert cirka 8.000 hendingar i Noreg. Antallet redningsoperasjoner er omtrent det same som året før, og året før det. Kvart år er det menneske som vert råka av uvær, uhell og ulukker. Kvart år skjer det meste til sjøs, og statistikken toppar seg om sommaren. Vi kjem nok ikkje utanom det i år heller.

1. juli fekk flystasjonane på Ørlandet og Rygge såkalla tilstadesvakt for redningshelikopter, som gir ein heildøgns beredskap med berre 15 minuttars reaksjonstid, dersom det skjer ei ulukke. Raskare responstid betyr at fleire liv kan reddast. Frå  før er det døgnkontinuerleg redningshelikopter med lege på vakt på Sola, i Lakselv og i Bodø, og neste år blir dette etablert i Florø.

Dette er ein del av stortingsmeldinga for samfunnstryggleik, som regjeringa la fram i mai. Andre planlagde tiltak som skal styrke beredskapen, er etableringa av eit felles naudnummer og felles naudnummersentralar, og det vil bli oppretta eit nasjonalt redningsfagleg råd. Regjeringa vil også innføre ei lovfesta kommunal beredskapsplikt.  Dette lovforslaget vart sendt ut på høyring 3.juli.

Den frivillige innsatsen er grunnleggjande viktig for rednings- og beredskapsarbeidet i Noreg. Om lag 20.000 nordmenn er medlem av frivillige redningsorganisasjonar, og stiller opp når det er nødvendig. Kveldar, netter, helg og ferie. Arbeidarpartiet ønskjer å støtte opp om dette viktige arbeidet. Difor blir tilskottet til dei frivillige organisasjonane i redningstenesta dobla frå 6,1 millionar kroner til 12,2 millionar i 2008. Dei raudgrøne styrker også det frivillige arbeidet gjennom auka refusjonssatsar og ei ny yrkesskadeforsikring. Politisk vilje til å løyve pengar er viktig. Men velfungerende redningsarbeid er prisgitt at folk engasjerer seg, og brukar fritida si. Send ein tanke til alle dei som brukar sommarferien på å vera klar til å hjelpe – dei gir oss ein tryggare sommar.

Ingrid Heggø og Hilde Magnusson Lydvo,

stortingsrepresentantar, Ap, Justiskomiteen (Ap)