NY FORSIKRINGSAVTALELOV: Vi vil hevde at vi med den nye forsikringsavtalelova har funne fram til gode, balanserte løysingar, som sikrar forsikringssøkarane den naudsynte beskyttelsen og retten til ei både rettferdig og skikkelig handsaming, skriv stortingsrepresentantane Hilde Magnusson Lydvo og Ingrid Heggø.

Ein siger for forbrukarane

Mange ønskjer å sikre seg og sine for framtida ved å teikne forsikring. Diverre har fleire blitt nekta dette på grunn av tilsynelatande usaklege faktorar som dysleksi, adopsjon eller betalings-merknadar. Med den nye forsikringsavtalelova er forbrukaren sin rett til forsikring betydelig styrka.

11. juni vedtok Stortinget ei ny forsikringsavtalelov, som Forbrukarrådet har kalla «ein siger for forbrukarane». Den nye lova gjer at forsikringsselskapa ikkje lenger kan nekte deg forsikring utan sakleg grunn, og at du har krav på ei skriftleg grunngjeving for avslaget. Du skal -g få informasjon om at du har rett til å bringe avslaget inn for ei nemnd.

Den nye forsikringsavtalelova stiller også strengare krav til grunngjevinga for avslag på forsikring. Ein kvar liten risiko er ikkje lovlig grunn for å nekte nokon forsikring, eller for å redusere avtala. Arbeidarpartiet har gått inn for at spesielle faktorar som adopsjon, dysleksi og lærevanskar ikkje er lovlig grunn isolert sett for å nekte nokon forsikring.

Det er viktig at lovframlegget stiller krav til kva faktisk grunnlag selskapa kan basere seg på, viss dei gjev avslag eller avkorta forsikring. Selskapa må kunne vise til at det er gjort skikkelige vurderingar, og at eventuell statistikk er faglig god, oppdatert og direkte relevant i saka – ein kan ikkje basere seg på synsing og eigne fordommar.

Vi er -g glad for at betalingsmerknadar ikkje lenger kan nyttast som grunn for avslag. Fordi om ein ikkje har betalt telefonrekninga si, er det urimeleg å få forhøga premie på hus-forsikringa.

Det var dissens i justiskomiteen når det gjeld kor langt attende i tid forsikringsselskapa har rett til å gå, for å innhente helseopplysningar hos forsikringssøkarar. Arbeidarpartiet og SV støttar at det vert sett ei grense for når helseopplysningar skal kunne krevjast, og støttar Justisdepartementet i at selskapet berre skal ha rett til å be om helseopplysningar om forhold som ligg høgst ti år attende i tid. Ein slik regel vil tydeliggjera den ytre ramma for kor gamle opplysningar selskapet kan be om, sjølv om den skulle være overflødig i forhold til praksis i dag.

Difor er vi usamde med Høgre og Framstegspartiet som ville gjera det enklare for selskapa å gje avslag, eventuelt redusere utbetaling ved å dra inn eldre forhold.

Eit eksempel: Du teiknar ein helseforsikring for epilepsi. Då vil eit symptom på epilepsi vera influensaliknande tilstander. Skal ein nektast forsikringsutbetaling fordi ein har hatt symptoma? Kven har ikkje hatt influensa?

Vi vil hevde at vi med den nye forsikringsavtalelova har funne fram til gode, balanserte løysingar, som sikrar forsikringssøkarane den naudsynte beskyttelsen og retten til ei både rettferdig og skikkelig handsaming. Samstundes unngår vi å gripe inn i tilbodet av forsikringsprodukt på ein måte som kan ha uheldige verknader for forsikringsmarkedet som heilheit – og dermed for alle forsikringskundane.

Hilde Magnusson Lydvo og Ingrid Heggø

stortingsrepresentantar, Ap, Justiskomitèen