Som del av regionreforma fekk fylkeskommunane overført utvida ansvar og oppgåver i næring- og kompetansepolitikken. Dette har det Arbeiderparti-styrte fylkesrådet i Viken jobba med og utvikla kvar dag i desse fire åra.

Me i Arbeiderpartiet vil vidareutvikla det gode arbeidet inn i nye Akershus og her i Asker og Bærum.

I arbeidet med nye planar for Akershus set me oss mål for korleis me skal oppnå eit grønt og klimavenleg Akershus, ta vare på naturen og utvikle nye grøne arbeidsplassar.

Retninga på arbeidet med næringsutvikling er å fremja innovasjon, økonomisk verdiskaping, internasjonal konkurransekraft og skapa arbeidsplassar.

Grøn omstilling, sirkulær økonomi og digitalisering er særskilt prioritert, og næringsutviklinga må skje i heile fylket.

Det handlar om å oppnå mål i distrikt og regional næringsutvikling, entreprenørskap og næringsretta kompetanse i fylkets bedrifter samt forskningsbasert innovasjon og klyngeutvikling.

Me mobiliserar entreprenører, etablerte bedrifter/klynger, universitet/FoU-sektoren, offentleg sektor og investormiljø kvar for seg, og ikkje minst til auka samarbeid mellom desse, til å medverka til å gi auka utviklingskraft til ønska retning.

Arbeiderpartiet i Viken har dei siste fire åra ført ein aktiv næringslivspolitikk. Her er fem satsingar som eg ynskjer å trekka fram:

  • For det fyrste, me har brukt 283 millioner kroner til ulike prosjekt for å fremja næringsutvikling.
  • For det andre, 600 bedrifter har fått til saman 120 millioner kroner i støtte til bedriftsintern opplæring.
  • For det tredje, etablert ei ny ordning for å stimulerer til å utvikla nye sirkulære forretningsmodellar.
  • For det fjerde, etablert Viken Regionale Forskningsfond, som gir støtte til mange utviklingsprosjekter både i privat næringsliv og i offentlig regi.
  • Og som det femte av det som kunne vore endå fleire dømer, sett i gang vårt heilt nye landbruksstrategi og jordløftet, som sikrar betre jordhelse.

Høgre er gode til å framsnakke at næringar er viktig, men har få svar og ambisjonar for å gjere noko lokalt.

Arbeid til alle vil alltid vera den viktigaste jobben for Arbeiderpartiet. Akershus Arbeiderparti skal saman med partane i arbeidslivet være garantisten for at dagens og morgondagens arbeidsliv skal sikra innovasjon, medbestemmelse, inkludering, berekraft og gode lønns- og arbeidsvilkår. Det er me garantisten for.