Ap-kompromiss om fiskekvotar

Den indre striden om fiskeripolitikken i Arbeidarpartiet vil ende med eit kompromiss som gir fiskarane eigedomsrett til innkjøpte kvotar i minst 30 år.

Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over 17 år gammel

Det er spådommen frå fiskeriminister Helga Pedersen sin fremste fiskeripolitiske motstandar i Arbeidarpartiet, stortingsrepresentant Svein Gjelseth frå Møre og Romsdal.

Fleirtalet i eit utval Helga Pedersen oppnemnde straks ho vart fiskeriminister kom i september med eit framlegg om at fiskebåtreiarar som kjøper fiskekvotar for å få meir å fiske på, ikkje skal få eige dei ekstra kvotane i meir enn 15 år.

Pedersen sin forgjengar, Svein Ludvigsen (H) gav i 2005 fiskebåtreiarane høve til å kjøpe ekstra fiskekvotar og eige kvotane for all tid.

Sentralisering og avfolking, frykta Pedersen ville bli konsekvensen, og sette utvalet i sving.

Redd for å misse stemmer

Gjelseth vil helst at Ludvigsen sin politikk blir ståande, men trur striden vil ende med eit kompromiss der 15-årsgrensa blir utvida til minst 30 år.

— Eg har den trua ut ifrå dei drøftingane vi har hatt innetter i partiet at ein kjem til å få ei ordning ut over 15 år, seier Gjelseth.

Gjelseth sat som ordførar i fiskerikommunen Herøy på Sunnmøre i ti år før han vart vald til Stortinget.

I Herøy står havfiskeflåten like sterkt som i Austevoll i Hordaland. Gjelseth er overtydd om at han ville få vanskar i neste valkamp dersom han støtta framlegget om at kjøpte kvotar ikkje kan eigast i meir enn 15 år.

— Eg hadde i alle fall ikkje fått mange stemmer frå fiskarane, seier Gjelseth.

Gjelseth rosar Pedersen for å vere open og lyttande. Men i spørsmålet om handel med fiskekvotar meiner han det er ho som bryt med politikken Ap har ført, ikkje høgremannen Svein Ludvigsen. Som fiskeriminister sette Ludvigsen berre litt ekstra fart i ein politikk tre Ap-fiskeriministrar før han hadde lagt opp til.

ROS MED BISMAK: Stortingsrepresentant Svein Gjelseth (Ap) rosar fiskeriminister Helga Pedersen for å vere open og lyttande. Men i spørsmålet om handel med fiskekvotar meiner han ho bryt med tidlegare Ap-politikk. FOTO: GEIR H. STRAND, SUNNMØRSPOSTEN
Publisert: