Ringeriksbana får pengar til planlegging

577 millionar kroner er avsett til planlegging av Ringeriksbana. Det trengst godt over det dobbelte, og anleggsstart kan tidlegast skje siste året i planperioden for Nasjonal Transportplan.

  • John Lindebotten
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over 15 år gammel

Regiondirektør i Jernbaneverket, Lars Chr. Stendal, hadde håpa på planmidlar til Ringeriksbana i fyrste periode av NTP, altså mellom 2010 og 2013. Men det finst ikkje.

Stendal vel likevel å vera nøktern optimist.

— Det er bra at vi endeleg har noko fast å halda oss til, seier han.

Nye planar

Det var tre representantar for regjeringspartia som kom med meldinga i føremiddag om kva NTP har å by på for Bergensbana. Stortingsrepresentant Hilde Magnusson Lydvo, Ap og stortingskandidatane Kjersti Toppe, Sp og Gina Barstad, SV la alle vekt på at Ringeriksbana no «er inne», som det heiter.

_Les også:

Les også

«Ti nye år med somletog»

«Ti nye år med somletog»_

Hilde Magnusson Lydvo understrekar likevel at planane for Ringeriksbana må sjåast gjennom på nytt.

— Vi må vurdera om trasevalet som ligg der i dag er det beste, særleg med tanke på at sporet kanskje skal trafikkerast med høgfartstog, seier Lydvo.

I tillegg kjem kanskje krav om at Ringeriksbana må byggjast som dobbeltspor heile vegen. I dag er ho planlagt som enkeltspora med med kryssingsspor.

Lars Chr. Stendal ser ikkje bort frå at eit par milliardar kroner vil gå med til det omfattande planleggingsarbeidet før anleggsfolka kan starta arbeidet med Ringeriksbana.

Betre for gods og passasjerar

I Bergen, derimot, vil ting gå fortare. Dobbeltsporet gjennom Ulriken vert starta før 2013 og fullført i 2015-16. Pris: godt og vel 1 milliard kroner.

Eit nytt kryssingsspor på Arna stasjon skal byggjast omtrent samstundes med tunnelen. Pris: nesten ein halv milliard kroner.

Teknisk opprustning av sporet mellom Bergen stasjon og Fløen er i gang og vil vera fullført seinast i 201l.

Ingen av desse tiltaka vil korta inn reisetida mellom Bergen og Oslo. Men lokaltrafikken Bergen-Arna-Voss får betre vilkår og større kapasitet.

Godstrafikken er den store vinnaren når dei nemnde tiltaka er fullført.

Publisert: