Pengedryss over folkemusikken

Ole Bull Akademiet får ein kvart million kroner meir i statstilskot neste år.

  • Arne Hofseth
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over 15 år gammel

Det er stortingsrepresentant Hilde Magnusson Lydvo som har fått lov til å lekka dette frå statsbudsjettet som vert lagt fram tysdag.

Ho har også vore med rektor Gunnar Stubseid på overtalingsmøta med kulturminister Trond Giske.

Stubseid vonar no å kunne fylla stillinga i vokal folkemusikk etter Berit Opheim. Ho har vore mykje oppteken med frilansoppdrag og stillinga har stått ledig.

Les meir om Ole Bull Akademiet på Voss her.

Publisert: