– Det er ikkje Arbeidarpartiets oppgåve å svartmåle

Magne Rommetveit (Ap) er glad for at industriarbeidarane på Stord har fått nye oppdrag, sjølv om det skjer under ei borgarleg regjering.

FRI MANN: Etter 16 år som ordførar på Stord trivst Magne Rommetveit med å vere stortingsrepresentant: – No kan eg gå i Leirvik og preike skit. Eg kan til og med gå på pub.
Publisert: Publisert:
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer og redaktører, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.
iconDenne artikkelen er over seks år gammel

– Du har sete på Stortinget sidan 2009 – kva har du eigentleg fått utretta for Hordaland?

– I min første periode fekk vi til dømes gjennomslag for at vi skulle ha differensiert strandsoneforvaltning – at ikkje reglane i indre Oslofjord nødvendigvis skulle gjelde på Vestlandet. Av heilt nyare dato, fekk vi heile Ap-gruppa med på å klassifisere Arna-Stanghelle som eit spesielt prioritert prosjekt, og skyve fram i tid midlar til det.

– Kan du garantere at viss de kjem i regjering vil veg og jarnbaneutbygginga mellom Arna og Stanghelle starte opp i 2021?

– Ja. Vegen er rett nok avhengig av at ein får tilslutning til førehandsinnkrevjing av bompengar, men det ligg vel òg i regjeringspartia sitt opplegg.

– Føler du at du har plikt til å gjere noko spesielt for heimfylket, eller skal du vere ein representant for heile landet?

– Eg har tidlegare vore ordførar på Stord i 16 år. Då var jobben å snakke om Stord over alt, til alle tider, til folk vart møkk lei. Vi fekk til nokså mykje på Stord, men det vart litt for snevert. Eg stiller som representant for Hordaland, men eg opplever meg meir som representant for Vestlandet, for kysten. Det å fremje kystens interesser trur eg òg tener Hordaland.

– Kva var det som gjorde at du vart politikar?

– Eg jobba i utekontakten på Stord og såg urett og elende. Der kom du inn i familiar som hadde det vanskeleg, og det verka som det ikkje skulle så mykje til for at dei kunne vere ein del av «det vellykka» samfunnet. Veldig mykje botna i om ein hadde arbeid eller ikkje, om ein hadde utdanning eller ikkje. Det å løfte fleire inn i dei delane av samfunnet, såg eg var viktig.

– Er det framleis er viktig for deg?

– Ja, det ligg på ein måte i botnen. Men blir du ordførar i ein industrikommune som Stord, blir du veldig assosiert med industri, olje og gass.

– Kva er mest jobb, å vere stortingsrepresentant eller ordførar?

– Noko av det som gjorde at eg gav meg som ordførar var at det vart ein del som gjekk igjen, og du visste kva som ville kome. Eg ville ikkje ha det heilt føreseieleg. Eg likar å vere litt pressa. Då eg var ordførar hadde eg på ein måte aldri fri. Du var ordførar døgnet rundt, sju dagar i veka. Gjekk eg på kafe i Leirvik kom det alltid nokon bort og sa «når eg først har deg her…». No kan eg gå i Leirvik og preike skit. Eg kan til og med gå på pub.

– Kva tenkjer du om kommunereforma?

– Ho har ikkje vore så veldig vellykka – har blitt veldig asymmetrisk.

– Korleis burde ein ha gjort det, då?

– Eg synest ein burde byrja med regionreform. Eg er av den meining, det meiner ikkje heile partiet mitt, at vi burde delt inn landet i fire eller fem regionar.

– Kven burde vore med i Vestlandet då?

– Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. I alle fall.

– Og så gått laus på kommunane etter ei slik regionreform?

– Ja, for dagens fylkeskommune er gjerne for liten for ein del oppgåver og for stor for andre. Eg trur ein vestlandsregion ville lagt meir til rette for større kommunar.

FAMILIEN: I slutten av juni var Rommetveit kjentmann då Ap-leiar Jonas Gahr Støre og LO-leiar Hans Christian Gabrielsen vitja Stord.

– Arbeidarpartiet kritiserte lenge regjeringa for å gjere for lite for å få ned arbeidsløysa. Det høyrer vi lite til lenger? Kvifor?

– Er du i opposisjon brukar som regel «for lite, for seint og i feil retning» å passe greitt. Men når denne oljenedturen kom, meiner vi regjeringa greip alt for seint inn. Vi merka det spesielt på Sørvestlandet, men også på Sørlandet. Eg synest det er kjempegreier at det har lysna litt. Når Stord no har fått både Njord A, Johan Sverdrup, Aasta Hansteen og samtidig Hywind-vindmøllene, så …

– ... viser det kor bra denne regjeringa har styrt?

– Eg trur ikkje det er regjeringa som har styrt akkurat dei tinga der. Men eg har opplevd svingingar på Stord og ser kor viktig det er å gå inn med mottiltak i nedgangstider. For du taper lett kompetanse og mistar folk, slik at når konjunkturen er der igjen så klarer du ikkje å ta det.

– Kva kunne regjeringa ha gjort?

– Dei kunne gjort noko tidlegare med permitteringsreglane.

– Når du no driv valkamp på Stord, tenkjer du tidvis at det hadde vore betre om ein ikkje hadde fått desse oppdraga før etter valet?

– Nei, eg gler meg over alle som kjem i arbeid.

– Men det er vel vanskelegare for Ap å svartmåle regjeringas politikk når det faktisk går betre?

– Det er ikkje vår oppgåve å svartmåle.

– Er det ikkje det?

– Nei, vi treng ikkje å svartmåle. Men vi kan peike på kva politikk ein burde føre. Dessutan: det som ikkje har forsvunne er uvissa.

– Kan ein politikar fjerne den?

– Det kan hjelpe på når folk veit at det er mekanismar som slår inn når dei ikkje får oppdrag. I tillegg handlar det om å ha tryggleik i arbeidet. Vi har sett meir av ting som sosial dumping og arbeidslivskriminalitet, men òg utflytting av oppdrag til firma med dårlegare arbeids- og ikkje minst pensjonsvilkår. Folk som no går på lausare kontraktar og blir leigde inn på timebasis, og er ikkje i fast arbeid. Alt dette gjer at heile arbeidslivet blir meir usikkert. Det er det mange som føler på.

ORDFØRAREN: Magne Rommetveit var ordførar på Stord i 16 år, her saman med dåverande samferdsleminister Terje Moe Gustavsen (Ap) i 1. mai-toget på Stord i 2001.

– Du er ein kar som gjerne argumenterer for å opne nye oljefelt. Når vi veit kva klimaproblem verda står framfor, kvifor skal rike Norge av alle pumpe opp alt vi kan?

– Eg meiner vi ikkje skal pumpe opp alt vi kan, så fort vi kan. Eg meiner det må vere ein plan for dette. Norsk oljeproduksjon er på veg ned, fordi vi er i ferd med tømme felta. Det er rom for norsk olje og gassproduksjon også i framtida, sjølv innanfor togradarsmålet.

– Noko anna kunne du vel ikkje sagt når du kjem ifrå Stord?

– Det kunne eg truleg ikkje, men eg meiner det uansett.

BT intervjuer alle førstekandidatene i sommer:

Publisert: