Vegen er framtida

Sjølvsagt må me binda saman Vestlandet nord–sør frå Vestland til Rogaland og Agder.

Med Hordfast kan Vestlandet konkurrere om næringsetableringar, meiner innsendaren. Kartet viser den planlagte traseen for Hordfast.
  • Øyvind Halleraker
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

I ein gjestekommentar her i avisa kommenterer Brit Aksnes vegbygging på Vestlandet, og synsar seg fram mellom øyar, dalar og fjordar, sletteland i Italia og distrikta i Sverige.

Slik eg les konklusjonen hennar, treng me ikkje same vegstandard på Vestlandet som elles i landet. Motorvegar passar ikkje her, bortsett frå den firefelts motorvegen frå Arna til Trengereid, den vil ho ha.

Ho tek sørgjeleg feil.

Les også

Innlegget han svarar på: Feil veg inn i framtida

Sjølvsagt skal me ha vegen til Trengereid og vidare, men me treng òg andre gode vegar. Og sjølvsagt må me binda saman Vestlandet nord–sør frå Vestland til Rogaland og Agder.

Brit Aksnes har vore på tur i Italia med ein Fiat 500 og køyrt på småveier ho ikkje hadde sett maken til i Noreg. Då vil eg invitere Aksnes til Sunnhordland og nærare bestemt Tysnes og Reksteren, her finn du nemleg nett same standarden.

Det er nettopp denne vegen, bygd for 60–70 år sidan, før bilen vart ei allmenn velsigning for landsbygda, som ikkje er brukande her heller. Denne vegen er ikkje på nokon måte eigna for dagens trafikk og køyretøy, derfor går biltrafikken i dag med båt i 17 knop (31,5 km/t) langsmed land på Tysnes/Reksteren.

Nei, Brit Aksnes, ferjer er ikkje framtida, skriv Øyvind Halleraker i sitt svar til BTs gjestekommentator.

Dette synest likevel å vere idealet for Aksnes. Vestlandet treng etter hennar meining ikkje same mobilitet som resten av landet Ja, ho set ord på det: «Feil veg inn i framtida.» Ho vil ha ein «haug med ferjeavgangar» og ferjer, og antydar at dette er langt rimelegare og betre for folk og næringsliv.

Ifølgje ein rapport om høgfrekvente ferjer frå Transportøkonomisk institutt i 2019 er dette feil. Dei korte reisene går ned med nær 40 prosent.

Her konkluderast det mellom anna slik:

«Gjennomgående er det slik at ved en kraftig vegforbedring mellom ferjeleiene, så vil trafikantene velge andre reisemål enn over fjorden. Det er eksempelvis plutselig mye kortere å pendle til arbeid langs E39, enn å krysse fjorden med ferje til sin tidligere arbeidsplass.»

Så nei, Aksnes, ferjer er ikkje framtida. Skal Vestlandet kunne konkurrere om næringsetableringar, unge folk som vil sette bo og etablera seg og andre samfunnsinstitusjonar, må me tilby ein moderne mobilitet med ein minimumsstandard på linje med for eksempel Austlandet. Nord–sør har me heller ingen jernbane som supplering til firefelts moderne trafikksikre vegar andre plassar.

Det skulle då også berre mangle. 40 prosent av eksportinntektene kjem frå Vestlandet. Me har vore heldige med nærleik til naturressursar og har mange flinke folk.

Men tidene er i endring og no må me sørge for at bedriftene og næringslivet vårt, som er i ein kjempestor omstillingsprosess til ny og «grøn» verksemd, har gode konkurransevilkår. Elles risikerer me ei sakte nedbygging over tid som følgje av tiltrekkinga og betre mobilitet i aust.

Publisert: