Det vart klart då Arbeidarpartiet la kabalen sin torsdag.

I sine fire første år på Stortinget sat Hilde Magnusson Lydvo i Justiskomiteen.

– Veldig kjekt. Dette vert spennande, seier ho sjølv, over mobiltelefon frå Oslo, der ho fredag tok del i den offisielle opninga av det 154. Stortinget.

Arbeidsfeltet vil omfatta tema som integrering og asylpolitikk. Og ikkje minst vil fylka og kommunane sine problemstillingar få sentral plass i hennar nye kvardag.

– Kommuneøkonomi og distriktspoltikk vert to sentrale stikkord i så måte. Så dette gler eg med stort til, seier Hilde Magnusson Lydvo.

Det nye Stortinget kom første gong saman 1. oktober. Den offisielle opninga av dette 154. Stortinget skjedde likevel ikkje før i dag, då Kong Harald føretok den seremonielle opninga.