– Nokon har idéar, andre har alt laga forretningsplan. Somme vil knyta nettverk, og kanskje på sikt starta opp noko, medan andre ynskjer å vera mentor eller ta på seg styrearbeid, seier Sissel Mugås Bjørkhaug, prosjektleiar i Kvinnovasjon Voss.

Etablering og vekst

Alle er velkomne til den store konferansen 3. juni på Park, som markerer oppstart for Kvinnovasjonsprogrammet i region Voss. I løpet av ettermiddagen og kvelden vil ein få høyra om ei rekkje bedriftsetableringar. Sissel Himle fortel om Traa AS, Kristina Finne og Hedvig Ræhnebæk fortel om Synssenteret Voss, Renate Lunde om Vossabia, og Frode Horvik (Generasjonsmat Evanger) snakkar om «Kortreist mat på flest mogeleg fat».

Det handlar om etablering og det handlar om vekst og utvikling. Hilde Magnusson Lydvo ser på «Mogelegheitene for kvinnelege gründerar», medan Anbjørg Nornes fortel at «Entreprenørskap startar i ung alder».

Våg å satsa

Prosjektleiar Sissel Mugås Bjørkhaug vil informera om Kvinnovasjonsprogrammet. Det starta nasjonalt i 2006, og kom i gang i vår region hausten 2009, som eit samspel mellom fylkeskommune, Innovasjon Norge og Inunet, som er eit nettverk av næringshagar i Hordaland. Mellom desse er Voss Interaktive Næringsvugge (VIAN).

– Då Kvinnovasjon starta i 2006, var berre 32 prosent av nye verksemder i landet starta av kvinner. I 2013 skal delen vera auka til 40 prosent. For å skapa framtidsretta lokalsamvunn, er det viktig med nyskaping, og kvinnene innehar store ressursar, seier Sissel Mugås Bjørkhaug.

Over terskelen

– Frå idé til realisering er det eit stort steg å ta. Me har sett at nokre tiltak verkar betre enn andre. Det å ha nettverk, og å ha ein mentor, ein ressursperson å stø seg på, tilgang på kompetanseheving innan til dømes økonomi og marknadsføring, tilrettelegging for at fleire kvinner tek del i styremiljø, og skapa ein møteplass for kvinnelege leiarar.

Det er med bakgrunn i alt dette at me planlegg våre aktivitetar, seier Bjørkhaug.

– Det finst kvinnenettverk på Voss, og kommunen jobbar med entreprenørskap, vert dette i konkurranse?

– Nei, dette er eit samarbeid. Kommunen er med i prosjektgruppa, og me samarbeider med alt etablerte nettverk. Me har eit felles mål, og det er å få fleire til å etablera verksemder.

Viktig å starta tidleg

– Voss er ei fantastisk bygd med fantastiske mogelegheiter. Eg er oppteken av at me må ta vare på alt det gode i bygda, og samstundes tenkja framover og ta i bruk alle ressursane. Me må samarbeida på tvers av bransjar, og me må sjå over kommune- og fylkesgrenser, meiner Kvinnovasjons-prosjektleiaren.

– Kvifor er det færre kvinner enn menn som etablerer verksemder?

– Det har nok med tradisjon å gjera, og roller ein har hatt. Det handlar også om risiko, finansiering og førebilete. Men sjølv om færre kvinner etablerer verksemder, viser det seg at dei har større overlevingsevne over tid, seier Sissel Mugås Bjørkhaug.

Ho er oppteken av ungt entreprenørskap, at ein startar tidleg med å motivera og å tenkja etablering.

– Å få trena i skulen er veldig viktig. Me er heldige som har ein kommune som har kome langt på det området, seier Mugås Bjørkhaug.