Teori

Verden er ingen teori, den er open

så blir den teori

verden er ikkje deg ikkje meg

verden er open

verden er meg er deg

og sanneleg, tenker vi, er ikkje du ein god

teori verdig

«Verden er ingen teori» – Eldrid Lunden