Fosnavåg hamn foto Marius Rosbach 11
FOSNAVÅG: Fiskeindustrien inst i hamna er avhengig av utdjuping for at stadig større fiskebåtar skal få levere i framtida. No står lokalpolitikarane ved eit vegkross i valet mellom å utbetre hamna, eller «stille prosjektet i kø» med andre statlege prosjekt. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Stor uvisse kring utbetring av Fosnavåg hamn

Risikoen for å sitte att med ei kjemperekning, eller slutt for tradisjonsrik verksemd. Valet skapar frustrasjon.

Marius Rosbach
15.02.2023

Utbetringa av Fosnavåg hamn har etterkvart vorte ein følgjetong med stadig nye vendingar. Etter ei rekke utsettingar og utgreiing av 12 ulike plassar for landdeponi og to sjødeponi, er det framleis inga løysing på bordet.

No er frustrasjonen nådd eit toppunkt lokalt, og politikarar og administrasjonen har vendt seg til Mørebenken på Stortinget for hjelp.

Per vidar kjølmoen svein gjelseth trond arne aglen foto marius rosbach 11
BESØK FRÅ STORTINGET: Stortingspolitikar Per Vidar Kjølmoen var måndag i Fosnavåg for å høyre meir om utfordringane kommunen står ovanfor. Då fekk han mellom anne høyre frustrasjonen frå kommunedirektør Trond Arne Aglen (t.h.). Foto: Marius Rosbach

Valet står mellom å ta risikoen med å lage ei sjødeponi for massane

frå hamnebotnen, eller «kaste korta» og starte prosessen på nytt.

Det siste kan opne for ein diskusjon om framtida til heile prosjektet.

– Om hamna ikkje blir utbetra, så kjem ein dato då det ikkje lenger er pelagisk produksjon her. Då blir Fosnavåg ei «spøkelseshamn», seier dagleg leiar Roar Aasen ved Fosnavaag Pelagic til NETT NO.

Roar aasen fosnavaag pelagic foto marius 11
FOSNAVAAG PELAGIC: Roar Aasen er framleis optimist for at det kjem ei løysing som gjer at bedrifta kan halde fram inst i hamna. Foto: Marius Rosbach

– Vegrar seg for å gå inn i Fosnavåg-hamna
Den tradisjonsrike bedrifta er mellom er mellom fleire som driv inst i vågen og Aasen er framleis optimist for at ei løysing for hamna kjem på plass. Han fortel at dei ikkje har nokon konkrete planar om å flytte.

Men utviklinga peiker berre ein veg for fiskeflåten som skal levere til bedrifta: Båtane blir større og stikker djupare for kvart år. Tida tikkar mot tidspunktet dei ikkje lenger får råstoffet dei treng for å drive.

– Det er allereie ei stor problemstilling for oss, spesielt frå utlandsflåten der vi kunne hatt leveransar, spesielt ei periode med nordsjøsild. Men dei vegrar seg for å gå inn i Fosnavåg-hamna, seier Aasen.

Fekk forskottere i 2019
Det er gått kring tre og eit halvt år sidan Fosnavaag Pelagic-sjefen uttalte at det var ein «gledens dag». Då hadde Herøy kommune fått godkjent å forskottere 108,5 millionar kroner for å utbetre hamna.

På det tidspunktet var planen å mudre opp botnen slik at hamna blei djupare. Massane skulle lagrast i eit deponi på land.

Det skulle vise seg å vere trøblete å nytte det som blir omtala som ein organisk «yogurt» av botnsediment blanda med miljøgifter og anna som har hamna i vatnet opp gjennom åra.

Kommunedirektøren: - Ved ein korsveg
I dag er det ikkje lenger anbefalt å bygge på landdeponi som består av slik forureina masse. For augneblunken er sjødeponi ved Holmefjorden, eller Leinevika dei mest aktuelle alternativa.

– Vi står no ved ein korsveg, seier kommunedirektør Trond Arne Aglen i Herøy etter å ha teke NETT NO gjennom «kortversjonen» av kva som har skjedd i saka.

I første omgang er det mest aktuelt å søke om å få behalde pengane i eitt år til. Deretter må dei ta eit val.

Kommunedirektøren påpeiker at tida uansett er i ferd med å bli knapp for å gjennomføre prosjektet innafor forskotteringsperioden som er sett frå sentralt hald.

– Samtidig opplever vi at statlege organ som statsforvaltaren og miljødirektoratet ikkje ser likt på saka, seier Aglen.

Per vidar kjølmoen per kristian furø svein gjelseth foto marius rosbach 11
ENGASJERT: Stortingspolitikar Per Vidar Kjølmoen forstår frustrasjonen hos dei lokale partifellene Per Kristian Furø og Svein Gjelseth i Herøy, men trur på ei løysing. Kjølmoen håpar det kan vere rom for å påverke departementet ved ei eventuell klagesak. Foto: Marius Rosbach

Statsforvaltaren skeptisk til sjødeponi
Medan sjødeponi er godkjent av eit firmaet Norconsult, har statsforvaltaren i Møre og Romsdal sagt seg skeptisk til ei slik løysing. Om lokalpolitikarane vel å gå vidare med sjødeponi, risikerer dei protestar frå den kanten, og ei eventuell klagesak til departementet.

I tillegg til stor usikkerheit kring summen på den endelege rekninga, fryktar Aglen at kommunen må ta store delar av kostnadene på eigen kappe.

– Det følgjer med store kostnader berre til rapportane som skal følgje med ein søknad om sjødeponi, seier kommunedirektøren.

Trond aglen bjarne kvalsvik foto marius rosbach 11
UVISSE: Kommunedirektør Trond Arne Aglen i Herøy fortel at kommunen opplever stor uvisse om utbetringa av hamna. Lokal- og fylkespolitikar Bjarne Kvalsvik (t.h.) er mellom dei som har følgt saka i fleire år. Foto: Marius Rosbach

Stortingspolitikar utan «quick fix»
Representantar frå Herøy kommune møtte førre veke Mørebenken på Stortinget. Denne veka tok stortingspolitikar Per Vidar Kjølmoen (Ap) turen til Fosnavåg for å høyre meir og sjå på moglegheitene for å få fortgang i arbeidet.

– Vi skal ta innover oss at kommunen fortel at det er krevjande å forhalde seg til manglande samhandling i staten. Det er viktig at statsforvaltar, direktorat og departement opptrer samla, slik at dei ikkje treng å møte ulike krav, seier han.

Regjeringspartiet sin næringspolitiske talsperson hadde ikkje med seg nokon ingen «quick fix» til Fosnavåg.

– Eg ser ikkje korleis eg kan bidra til å få løyst saka frå Stortinget no, seier Kjølmoen.

Kan vere handlingsrom ved klagesak
Om det endar med ei klagesak i departementet grunna protest frå statsforvaltaren, kan det vere politisk handlingsrom, meiner han.

– Det andre alternativet er at kommunen gir opp prosjektet slik det er gjort avtale med Kystverket om. I tilfelle må arbeidet gjerast som eit statleg prosjekt, legg Kjølmoen til.

Kva tid Fosnavåg vil nå opp i konkurransen om å kome på lista over hamnene som er prioritert frå staten si side, er heilt i det blå.

– Det vil ta tid, er det næraste Kjølmoen kjem en spådom.

Og sjølv om prosjektet er inne i gjeldande Nasjonal Transportplan, påpeiker Ap-politikaren at det ikkje er sikkert at det kjem med vidare når den blir rullert neste år. Då vil vegen til realisering truleg bli endå lenger.

Publisert: 15.02.2023 05:00

Sist oppdatert: 15.02.2023 13:38

Mer om