Sogn og Fjordane Næringsråd støttar samarbeidet for sirkulær omstilling i NCMT

Bilde Bjørn Lødemel  – Kopi.jpg

1. Navn og stilling

Bjørn Lødemel. Dagleg leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd  

2. Hva jobber din bedrift med? 

Vår organisasjon er ein medlemsorganisasjon for næringslivet i Sogn og Fjordane. Vi vart skipa i 2016 og har i dag om lag 120 medlemsbedrifter frå ulike næringar og organisasjonar. Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest var initiativtakarane til skipinga av vår organisasjon. Vi jobbar med næringspolitikk og rammevilkår for næringslivet i Sogn og Fjordane i tillegg til å ta opp næringspolitiske saker for enkeltbedrifter. 

Sogn og Fjordane Næringsråd har mange samarbeidspartnerar i Sogn og Fjordane og vi har eit svært godt samarbeid med Bergen Næringsråd og Næringsalliansen i Hordaland.  

3. Hva tror du den forventede merverdien blir for din bedrift i klynga?  

Sogn og Fjordane Næringsråd ønskjer støtte bedrifter og næringar som gjer viktige og framtidsretta utviklingsarbeid. Vi ønskjer også at den kunnskapen som blir utvikla gjennom eit slikt klyngesamarbeid kjem fleire til gode og at det kan vidareutvikle og styrke våre medlemsbedrifter og andre viktige bedrifter i vår region. 

4. Hva vil andre NCMT-medlemsbedrifter få tilført fra din bedrift?  

Sogn og Fjordane Næringsråd ønskjer å bidra til auka kunnskap om ulike bedrifter og næringar i Sogn og Fjordane og promotere dei inn mot offentlege etatar og andre organisasjonar som arbeider med næringspolitikk og næringsutvikling. Vi ønskjer å vere med på å spreie kunnskap om eit svært oppegåande og kreativt næringsliv i vår region og NCMT bedriftene vil ha tilgang til våre kanalar inn mot offentlege etatar og organisasjonar. 

5. Hvordan kan NCMT-klynga og polymer- og komposittbransjen være med på å bidra til bærekraft?  

NCMT vil bli ein sterk pådrivar for å utvikle meir miljøvenlege materiale og klynga vil på ein svært god måte bidra til utvikling av nye produksjonsprosessar og produkt. Eit samarbeid på tvers av bransjar vil forsterke dette i tillegg til at det vil gjere det lettare å rekruttere kompetent arbeidskraft til dei bedriftene som er med i klynga.   

6. Beskriv prosjekter bedriften deltar i som har bærekraft og sirkularitet som fokus.  

Sogn og Fjordane Næringsråd deltek ikkje direkte i slike prosjekt, men støttar både arbeidet og fokuset.

Forrige
Forrige

NCMT i møte med Forsknings- og høyere utdanningsministeren

Neste
Neste

Ecofiber Recycling lager grønne produkter av resirkulert komposittavfall.