Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Fellesskap: Eldrid Lunden vart nyleg tildelt St. Olavs Orden. Bokmagasinet trykker hennar refleksjoner om seremoniar, symbol og makt.

Å bli sett pris på

Dette er ein merkedag, og ikkje berre for meg. Det ligg vel i sakas natur at dei færraste av oss har erfaring frå markeringar som denne, og det får meg til å hugse noe Åge Aleksandersen fortalde i eit tv-program for noen år tilbake. Han kom mellom anna inn på korleis han i si tid hadde reagert på meldinga om tildeling av St. Olavs Orden. Han hadde ikkje berre blitt overraska, han hadde blitt så usikker at han oppsøkte sin gamle venn Håkon Bleken for å spørje han til råds. For riddar? Han? Var det ein spøk? Håkon Bleken høyrde på han ei stund, og så kom det: – Du må ikkje ta det personleg! Og då, smilte Aleksandersen: Viss det var slik å forstå at utnemninga ikkje var personleg, så var det greitt.