Hopp til produktinformasjon
1 av 2

Veldig bra

Lunden, Eldrid: Dikt i samling 1968 - 2000

Lunden, Eldrid: Dikt i samling 1968 - 2000

Innbundet

Vanlig pris 100 kr
Vanlig pris Salgspris 100 kr
Salg Utsolgt
Frakt beregnes ved kassen.

Tilstand: Veldig bra, liten brett på omslaget. Se bilde

Format: Innbundet

Brukte bøker av Eldrid Lunden

Den kresne språkkunstnaren Eldrid Lunden utgjer ein institusjon innan norsk poesi. Lyrikken hennar har stått i ei særstilling i Norden heilt sidan debuten i 1968 med samlinga f. eks. juli. Eldrid Lundens lyrikk framstår som ein vedvarande refleksjon over grunnleggande mellommenneskelege tilhøve, der lesaren vert invitert inn i dei opne samanhengane dikta synleggjer i eit konsentrert og personleg nærverande språk.
I tillegg til verksemda si som poet har Eldrid Lunden gjort ein vesentleg innsats på fleire andre felt: Ho var knytt til tids- skriftet Profil på 1960-talet, og var i mange år medredaktør av det nordiske tidsskriftet Café Existens. Særleg må innsatsen hennar som lærar, i den seinare tid også som professor, i skrivekunst ved Forfattarstudiet i Bø nemnast - eit studium ho var med å starte i 1982, og som har resultert i ei lang rekke forfattarnamn og bøker som vi vil nyte godt av i lang tid framover.
På litt over tretti år har Eldrid Lunden sjølv vunne å gi ut ni diktsamlingar, bøker som har blitt ståande som milepælar både for kritikarar og lesarar, og det konsentrerte uttrykket hennar har inspirert ei rekke poetar. Særleg verd å nemne er Lundens fokus på kvinners erfaringar, såvel i individuelt som i historisk perspektiv. A kalla Lunden for ein reindyrka feministisk forfattar ville likevel innebere ei innsnevring av perspektivet - heller må ein kunne seie at Lunden ikkje berre utforskar, men utfordrar og set spørsmålsteikn ved omgreps- par som mannleg-kvinneleg, eller hard, mjuk. Men framfor alt ligg der ein tender musikalitet kopla med eit ofte overraskande tankeperspektiv til grunn for Eldrid Lundens dikt, ein skrivekunst det er all grunn til å la seg bli riven med av.

Vis alle detaljer
  • Bestill flere bøker samtidig og spar fraktkostnader!

    Vi har fast pris på frakt - 70kr per pakke - uansett hvor mange bøker du kjøper.

    Vær oppmerksom på at du må bestille bøker for minst 150kr for å kunne bestille frakt. 

  • Du kan reservere bøker til du har samlet opp en bunke.

    Bestill med "Henting" i stedet for "Send", og bøkene ligger her til du gjør en bestilling med "Send".