Tippbil

Tippbilar.JPG
Tippbilar med hydraulisk tipp.
Foto: Wikimedia Commons, Tennen-Gas.
Attribution-Share Alike 3.0 Unported.

Tippbil er som oftast ein lastebil med open platt (plattbil) og med hydraulisk tipp. Tippbilar blir ofte nytta til transport av sand og grus, asfalt og ymse bulkvarer som korn. For transport av lettare bulkvarer, jord og grus kan platten vera utstyrt med tre- eller aluminiumkarmar. For transport av stein og pukk er det i dag vanleg å nytta ein meir robust dumperkasse.

Før det blei vanleg med asfalt på vegane blei tippbilar ofte nytta til å spreia grus på vegane. Bakluka blei då opna med ei høveleg glipe i nedkant og lasteplanet blei sakte tippa, samstundes som bilen køyrde sakte framover. Ved å avpassa farten kunne ein få så tjukt gruslag som ein ynskte. Nyengets Mek. Verksted ved Levanger tok ut patent på ein baklukemekanisme og produserte den i fleire år.

Dei eldste tippbilane hadde mekanisk tipp, der ei tannstong vart drive av eit tannhjul. Den blei i byrjinga driven med sveiv, men seinare frå eit kraftuttak på girkassen. Nyengets mek. verksted hadde patent på mekaniske tippmakanismar og hadde stor produksjon av dei. På nyare tippbilar driv kraftuttaket ei hydraulikkpumpe, og lasteplanet blir lyfta ved hjelp av ein eller fleire tippsylindrar. For at tippsylindrane skal ta så lite plass som mogeleg, er dei ofte laga som teleskopsylindrar.

For å hindra velt er det er viktig at bilen står plant og stødig under tipping og at grunnen er stabil. Det gjeld spesielt store tippbilar. Ofte er det naudsynt å køyra fram litt med platten oppe, og då må ein forvissa seg om at hjula ikkje går ned i ei dump eller over ein hump. Om lasta seg ikkje glir av under tipping, kan bilen lyfta seg opp framme. Det kan skje om ein gløymer å opna luka, om lasta er klebrig, slik som til dømes våt leire, eller at den frys fast under køyring.

Kjelde: Wikipedia.