Ei lesehistorie av Eldrid Lunden

Sist fredag teikna Jan Kjærstad opp si lesings verd for oss. I dag er det Eldrid Lunden som fortel om sine første opplevingar med det alfabetiske. Ei lesehistorie som mellom anna minnar oss på at lesing er noko særskilt familiært, i bokstaveleg forstand: ho sprer seg gjerne i familien. Frå mor til datter. Storesøster til lillebror. Språk blir nytt språk. Ei bok blir flere bøker. Eit ganske fint bilete, ikkje sant?

Ei lesehistorie

Far som las, og avisa som vifta og blafra mens han las, og alle dei andre i huset som også kunne dette med lesing, og eg som sat på golvet og ynskte at noen snart fekk tid til å snakke til meg eller kanskje fortelje eit eventyr.

Tenk når du kan lese! Sa mor når eg kom drassande med abc-boka til bror min slik at ho kunne lese om då reven skulle vere gjætar. Då er det ikkje så farleg lenger om du ikkje har nokon på din eigen alder å snakke med. Det syntes eg høyrdest lovande ut. Ein dag oppdaga mor at bror min ikkje kunne lese han heller endå han var begynt på skulen for eit år sidan. Han var litt av ein luring, det visste eg jo, men nå måtte han til pers!

Set deg her! sa mor. Nei, nå set du deg HER! Mor hadde fått tydeleg stemme. Og bror min sette seg HER, og eg skunda meg å legge meg på golvet med ei likegyldig mine. Broderen var nøye med at småungar ikkje skulle blande seg i hans saker.

ABCDEF, sa mor med abc-boka i fanget. Broderen vrei seg. B,Æ seier [bæ], sa mor. Broderen sparka med beina, han let seg ikkje undervise sånn utan vidare. Om han lærde å lese då eller seinare hugsar eg ikkje, berre at han las. Sjøl samla eg saman alle strikkepinnane i huset for å lage bokstavar på golvet. Dei var litt stive, men fullt brukande. Det gjekk også greitt å lese etter kvart når ein først hadde fått greie på dette med at B, Æ seier [bæ].

Denne boka kan du lese først, sa mor og peika på Bind I av Bjørnsons samlede verker. Den er lett. Og det var sant. Den var så lett og god at eg las den om igjen og om igjen i mange år framover. Men ein vakker dag hadde vi fått ei bok i huset som var om Gjest Baardsen og Ole Høiland; omslaget var falma og nesten utslite. Og den viste seg å vere så god at eg måtte lure på om eg var eit godt menneske når eg las i den. Men så las eg litt i bondeforteljingane igjen. Og så var balansen gjenoppretta, i alle fall for ei stund.

Eldrid Lunden

Relaterte artikler